NRK Meny
Normal

Melder seg klar til teneste

Even Hovland

KLAR FOR INNSATS: Even Hovland vart sett inn i 2. omgang for å vinne duellar i angrep. No startar han gjerne om han får tillit i kvaliken mot Kongsvinger.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Vi skulle flytte fleire og fleire opp i bana jo mindre tid det var igjen. Men eg føler ikkje at vi skapte nok, seier Even Hovland.

Han vart sett inn på bana for å skape større trøkk offensivt for Sogndal. For jo eldre kampen mot Hønefoss vart - jo større var sjansen for at heimelaget ville stikke av med det direkte opprykket.

Les også:

Sjå bileta frå kampen Hønefoss - Sogndal

Bolli mister kvaliken

Han har gått skadd praktisk talt heile sesongen, og var først tilbake i førre serierunde. No kjenner han seg klar til å starte ein kamp igjen.

Det kan komme godt med for Sogndal, som etter alt å dømme må klare seg utan midtbanedirigenten Rune Bolseth resten av sesongen.

- Eg veit ikkje om eg er aktuell, men eg er klar dersom eg blir teken ut. Då skal eg gjere jobben, lovar Hovland.

Ventar tøff kvalifisering

Saman med innbytar Henrik Furebotn sette Hovland fart i Sogndal mot slutten av kampen. Men det resulterte ikkje i mål. Kampen enda med ein nedtur for opprykkskåte sogningar.

- Eg er skuffa, vegår Hovland.

- Korleis ser du på kvaliken mot Kongsvinger?

- Det blir like tøft som her. Så vi må vere hundre prosent på topp, seier han.

- Eg meiner sjølv eg blir betre og betre no, og eg trenar godt. Eg håpar å få starte snart, seier Even Hovland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser