Rettleiarane kom i 2009 og er allereie teke rett i bruk ved Førde sentralsjukehus og i Lærdal, men ikkje ved Nordfjord sjukehus.
Manglande rettleiing og implementering i drifta er årsaka til ventelisteskandalen i Helse Førde. 45 pasienter ved sjukehuset ikkje har fått behandling innan tidsfristen ved sjukehuset på Eid.
- LES OGSÅ: Legane plasserte pasientane
– Det har gått altfor lang tid før prioriteringsrettleiarane har blitt implementert i Helse Førde, og som som konsekvens melder eg dei ansvarlege for dette til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, skriv legen ifølgje firda.no.
Føretaka sitt ansvar
Georén meiner det utan tvil er Helse Vest og Helse Førde sitt ansvar å organisere, utdanne og orientere helsepersonell om rettleiarane, og å følgje opp at alt fungerer som det skal.
- LES OGSÅ: Helse Førde i timesvis i krisemøte
Allereie tidleg i skrivet gjer Georén det klart at meldinga omfattar både administrasjonen i Helse Førde, samt andre personar som Helsetilsynet finn har ansvaret for det som har skjedd ved Nordfjord sjukehus, skriv nettavisa.
- Uforsvarleg lang tid
Til saman er 93 pasientar med til dels alvorlege symptom feilvurderte ved sjukehuset i Eid. Av desse blir 48 hasteinnkalla til ny vurdering hos lege.
- LES OGSÅ: Både hjarte- og kreftpasientar kan vere råka
- LES OGSÅ: Ser alvorleg på ventelisteskandalen
– Viss tilsynet i motsetnad til kva eg hevder, ikkje finn at implementeringstida i Helse Førde har vore uforsvarleg lang, må same vurdering i høgare grad gjelde for legane som har gjort tilvisingsvurderingane, avsluttar Georén i brevet.