NRK Meny
Normal

Melder Eras til Økokrim

Kurt Oddekalv meiner kvikksølvutsleppa i Høyanger kan få like store konsekvensar som Vest Tank-eksplosjonen.

Kurt Oddekalv
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Eras Metall AS i Høyanger stengde på dagen 13. februar i år, etter at Statens forureiningstilsyn avdekka store utslepp av kvikksølv.

No melder Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund Eras Metall til Økokrim for fleire brot på forureiningslova

Vil forby stoffet

- Vi meiner dette er ei av dei verste sakene som har skjedd i Noreg. Kvikksølv er på lista som det aller verste og giftigaste tungmetallet. Noreg har nettopp delteke på ein stor internasjonal konferanse som prøver å forby stoffet, seier Kurt Oddekalv.

I følgje SFT har Eras Metall løyve til å sleppe ut eitt kilo kvikksølv i året, men tilsynet har avdekka eit utslepp som kan vere femti gonger høgare.

- Kvikksølv er eit stoff som aldri forsvinn og går inn i næringskjeda og opp i menneska. Folk får problem med nervane, og det er ei lang liste av sjukdomar som kjem av kvikksølv. Eras har drive dette på ein måte som er langt over grensa, seier Oddekalv.

Like skadeleg som Gulen

Oddekalv var ein av dei som kjempa for at alvoret etter Vest-Tank eksplosjonen i Gulen i mai i 2007 skulle kome fram. Der fekk over hundre menneske helseplager.

Oddekalv meiner kvikksølvutsleppet i Høyanger er like skadeleg.

- Ofte forstår ikkje folk kor skadeleg giftuslepp er før det har gått 10-15 år og folk blir sjuke, seier han.

- Noreg har mange tilfelle av kreft nettopp på grunn av at slike idiotbedrifter misbrukar ein rett dei har fått til å produsere noko. Men dei har gått langt over grensene som vi i utgangspunktet meiner er alt for slappe, seier Oddekalv.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå