Hopp til innhold

Lege meiner Helse Førde-direktøren snakka usant i retten

Kommunelege Bengt Georen i Vågsøy har meldt Helse Førde-direktør Jon Bolstad til politiet for falsk forklaring.

Bengt Georén

POLITIMELDER JON BOLSTAD: Kommunelege Bengt Georén meiner Helse Førde-direktøren snakka usant i retten.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Georen som har vore ein profilert sjukehusaksjonist i Nordfjord, hevdar Bolstad kom med usanningar då han vitna i rettssaka som Sjukehusaksjonen tapte mot Helse Førde.

Helseføretaket blei frifunne i saka der dei var skulda for å ha gjort nedleggingsvedtak i strid med loven. Sjukehusaksjonen kravde at retten skulle gjere om på vedtaket i Helse Førde om å leggje ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.

ER IKKJE UROA: Helse Førde-direktør Jon Bolstad forstår ikkje kvifor han er meld til politiet.

Foto: NRK

Jon Bolstad uttalte i vitnemålet sitt at ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus i realiteten var avvikla.

Georen peikar i politimeldinga på at den siste operasjonen først vart utført om lag ti dagar seinare, den 15. desember i fjor. Han meiner at det han omtalar som Bolstad sitt usanne vitnemål, kan ha hatt betydning for avgjerda til retten.

Jon Bolstad seier han tek politimeldinga med stor ro.

– Eg forstår ikkje kvifor han har meld meg. Den forklaringa eg gav i retten var ganske presis, så eg fryktar ingen sak på dette. Eg registrerer at han har eit syn på saka, utover det har eg ingen kommentar, seier Bolstad.