Hopp til innhold

Melde for brot på kviletida

To førarar er melde for brot på køyre- og kviletida under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. I tillegg blir det sendt oppmoding om føretakskontroll i tre transportverksemder. Totalt blei 24 køyretøy grundig sjekka under kontrollen. Fleire fekk bruksforbod for mangelfull lastesikring og overlast. Ein mangla bremser på ein akselen på hengaren.