Hopp til innhold

Meld for kattedrap

Dyrevernorganisasjonen NOAH melder ein revebonde i Gloppen til politiet for ulovlege kattedrap.

Bonden brukte kattejakt som forklaring då han vart klaga på for å ha truga ein fotograf frå NOAH med hagle. Fotografen vart trua då han skulle ta bilete av nokre pelsdyrfarmar i Gloppen.

NOAH meiner han dermed har vedgått lovstridige kattedrap, sidan det krevst løyve for å avlive kattar.