Meld for droneflyging

Ein tysk turist mista sundag kontroll over ei drone nær Førde lufthamn Bringeland. Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal seier til Firda at dei kjem til å melde turisten for flyging i flyforbodssona. Fem kilometer frå flyplassar er det flyforbodssone. Skal det flygast her, må det innhentast løyve.