Hopp til innhold

Meld for burning i Førde

Burna med passasjer hengande ut sideruta. Politiet fekk mykje å gjere natt til 1. mai.

Politibil

PASSA PÅ: Politiet i Førde var på Festplassen der det var russetreff laurdag kveld.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ein bilførar burna og sladda rundt på Festplassen i Førde natt til søndag, medan ein passasjer hang ut av den eine sidaruta.

No er den unge bilisten meldt for aktlaus køyring.

Sett i arresten

Ein mann i 20-åra blei køyrd heim av politiet på Nordfjordeid. Han hadde fått for mykje å drikke og fekk beskjed om å halde seg heime. Litt seinare dukka han likevel opp i sentrum, der han stelte i stand bråk.

Han blei sett i arresten for å sove av seg rusen. Mannen kan rekne med eit oppgjer med politiet etter dette.

I Sogndal blei ein 17 år gamal gut teken med til politistasjonen etter å ha stelt i stand bråk. Han blei sett i arresten nokre timar.

Sovna ved garasje

Politiet i Sogndal måtte også gripe inn då det kom melding om slåssing i Sogndal. Det roa seg då politiet kom fram.

Ein ungdom i Førde sovna ved eit garasjeanlegg på Ytre Hafstad i Førde. Han fekk skyss heim av politiet.

To personar i Eid er mistenkte for å ha brukt hasj. Begge erkjende dette og saka er meldt til politiet.