Sidan Fossheim var ferdig på Norges musikkhøgskule for ni år sidan, har han turnert i Frankrike, Italia, Japan, Tyskland og Slovakia i tillegg til dei skandinaviske landa.
Dei siste åra har dei mørke, nyfikne augo til 36-åringen studert russiske partitur. Og då spesielt notane til ein stjernedirigent, meisterpianist og komponist som fekk eit liv på stadig reise gjennom europeiske og nordamerikanske storbyar. Issay Dobrowen heiter han, og den eine klaverkonserten hans hadde ingen høyrt før Jørn Fossheim lyfta han fram frå gløymsla.