NRK Meny
Normal

Meir uvêr på fjellovergangane

Ei rekkje fjellovergangar er framleis stengde. No må du bu deg på at ein ny runde med ruskevêr kan stenge fleire.

Hestavollen på Vikafjellet

STENGD: Slik ser det ut på Hestavollen på Vikafjellet i kveld.

Foto: Webkamera Statens vegvesen

– Det er meldt mykje snø og vind og det gjer til at det kan bli vanskelegare køyreforhold på alle fjellovergangar utover natta, seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen, Jan Erik Erikstad torsdag kveld litt før klokka 20.

Han fortel at fjellovergangane Filefjell, Hemsedalsfjell og Strynefjell ser bra ut akkurat no, men at det er venta aukande snø og vind utover natta. På strekninga Hol-Aurland er det no stengt grunna uver. Hardangervidda, Vikafjell og Tyin - Årdal er stengde.

Ny runde med uver

Tidlegare i dag sa meteorologen følgjande om vêrutsiktene:

– Det blir ein omgang til med både vind og snø i fjellområda, seier meteorolog Tone Kristin Taule.

Ev. 134 Haukelifjell, ev. 16 over Filefjell og rv. 52 over Hemsedalfjellet er opna for fri ferdsel etter kolonnekøyring og stenging tidlegare. Etter ei vurdering kl. 10 opna rv. 15 over Strynefjellet for trafikk.

Det er eit lyspunkt for vegtrafikksentralen, men frå i ettermiddag av vil det truleg snu.

– Det har roa seg litt etter i går, og dette held seg fram til kl. 15 i ettermiddag. Etter dette vil vinden bygge seg opp att. Då kan vi på nytt måtte innføre kolonnekøyring eller stenge fleire fjellovergangar, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

På onsdag var det kaos på fjellet, og vinden er venta til å bli av same styrke.

– Frå i ettermiddag av kan det på nytt bli innført kolonne både på Hemsedalfjellet og Filefjell, eller i verste fall stenging. Folk må rett og slett følge med på trafikkmeldingar før dei legg ut på tur, seier Nedberge Hille.

Slik er statusen på fjellovergangane i Sør-Norge:

  • Rv 7 Hardangervidda, stengd
  • Rv 13 Vikafjellet, stengd. Opnar ikkje i dag på grunn av rasfare.
  • Fv 53 Tyin–Årdal, stengt grunna uver
  • Hol – Aurland, stengd grunna uver
  • Filefjell, open
  • Hemsedalsfjellet, open

Her finn du oppdaterte vegmeldingar.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy