NRK Meny
Normal

Meir trafikk og turistar på verdsarvfjordane

Båttrafikken på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden aukar truleg frå sommaren av. To selskap har søkt om å utvide rutene sine, og fylkesadministrasjonen rår politikarane til å seie ja.

Nærøyfjorden

TRAFIKKAUKE: Truleg får fleire turistar oppleve naturen i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden frå sommaren av.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

– Det er mykje positivt med dette. 80 prosent av dei som kjem til Norge frå utlandet som turistar vil besøkje fjordane. Det er det dei kjem for å oppleve, seier Aurlandsordførar og leiar i Samferdsleutvalet, Noralv Distad (H).

Selskapet Fjord2 har søkt om få ytterlegare to avgangar frå Kaupanger og Gudvangen, og selskapet Norwegian Fjord Voyage har søkt om løyve til å ta med enkeltpassasjerar på sine ruter. Fylkesdirektøren rår Samferdsleutvalet å seie ja til søknadane.

Noralv Distad

POSITIV: Aurlandsordførar og leiar i Samferdsleutvalet, Noralv Distad (H), meiner det er klokt å opne for auka ferjetrafikk i Nærøyfjorden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Folk kjem frå alle verdshjørne heile året

Fleire hundre tusen turistar kjem frå inn- og utland kvart år til Aurland. Den utstrekte cruise- og båttrafikken i Nærøyfjorden har også vore kime til strid i kommunen. Forureining av verdsarvfjorden og larm, spesielt frå cruisetrafikken er noko av det som har uroa fleire. Distad meiner auke i båttrafikken let seg forsvare.

– Vi må kunne forvalte området på ein måte som gjer at ein kan behalde høg trafikk, og som tek vare på natur og andre. Eg meiner vi i augneblinken kan leve med høg trafikk, men det er ting vi må vere merksame på heile vegen.

Han håpar mellom anna at det blir mogleg å vri ein større del av turisttrafikken inn mot det som i dag er rolegare periodar, som vinter, vår og haust. Han meiner også at nedlegging av tidlegare ferjeruter fører til konsentrasjon av båtruter på enkelt fjordar.

– Det er ei utfordring. Vi burde definere våre flotte fjordar som nasjonale turistfjordar, slik at fleire fjordar blir tilgjengelege. Då kan vi framleis ha høg trafikk på Nærøyfjorden, men dei som kjem til Noreg kan då også velje andre fjordar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser