Mathias Råheim. Arkivfoto NRK
Og kor mykje pengar Høgre lovar vil Råheim ikkje seie noko om. Det er ikkje planlagt byggjestart på Dalsfjordsambandet og riksveg 60 mellom Innvik og Olden før etter 2010. Dermed må Høgre skaffe så mykje pengar at andre prosjekt blir tidlegare ferdige, for at ein kan ta til på Dalsfjordsambandet og den smale og ulukkesutsette vegen mellom Innvik og Olden i komande stortingsperioden.
Kjøsnesfjorden i særstilling
Rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden er i ei særstilling, sidan samfersleminister Torild Skogsholm har lova pengar, berre det kjem planar på bordet.
Lovar meir pengar
Leiar i samferslekomiteen på Stortinget, Petter Løvik, deltok på valkampopninga til Høgre i Sogn og Fjordane i Florø laurdag. Han lovar no meir pengar, sjølv om Sogn og Fjordane dei siste åra har fått mindre til veg med Høgre i regjering.