Reidar Sandal. Foto Terje Gilleshammer NRK
Førstekandidat Reidar Sandal seier dette vil vere frie midlar.
Fokus på tapte arbeidsplassar
Dei mange tapte arbeidsplassane i Vågsøy fekk ikkje uventa ein sentral plass i talen til Reidar Sandal. Vågsøy har tapt opp mot 600 arbeidsplassar dei siste åra, og dette var nok årsaka til at opninga var lagt til Måløy. For Sandal meiner dei sit med medisinen som trengst.
Refs til Domstein Enghav
Men samstundes nytta og Sandal høvet til å lange ut eit verbalt slag mot eigarane av Domstein Enghav som gav varsel om oppseiing av 99 personar og like etter tok ut eit større utbyte.
Ingrid Heggø. Foto: Terje Gilleshammer NRK
Nedgang også med Ap
Men den negative trenden i Vågsøy har pågått over ein periode på 5-6 år. Og i denne perioden har og Arbeidarpartiet vore i regjeringsposisjon. Spørsmålet er difor kvifor folk i Vågsøy skal tru at ting blir betre om Arbeidarpartiet kjem tilbake til makta.
- Meir til eldreomsorg
Andrekandidat Ingrid Heggø brukte føremiddagen på besøk på den nye aldersheimen på Kulatoppen, og ho kan love meir pengar til kommunane, til blant anna eldreomsorg.