Hopp til innhold

Meir til Førde-festivalen

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 600.000 kroner ekstra på neste års statsbudsjett.

Direktør Hilde Bjørkum seier dette betyr at festivalen no kan sikre seg dei beste artistane og få arbeidd meir med marknadsføring.

- Strålande nyheiter

- Dette er strålande nyheiter for oss, det er ein bra auke i forhold til driftstilskotet vi har hatt tidlegare, og det er vi veldig nøgde med. Det er eit signal om at arbeidet vi driv med blir verdsett, at vi leverer kvalitet på det vi gjer og at vi har planar framover som er klare og gode.