Hopp til innhold

Meir snø i vente

Eit tjukt lagt med nysnø har lagt seg over fylket natt til søndag. Vegtrafikksentralen ber bilistar køyre ekstra forsiktig, mens Vêrvarslinga lovar meir snø.

Riksveg 15 gjennom Markane

TUNG, VÅT SNØ: Slik såg det på riksveg 15 gjennom Markane i Stryn i 11-tida søndag.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

– Ein må berre oppmode folk om å køyre roleg i dag, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen (VTS) i Lærdal.

Har fått klager på glatt veg

I heile Sogn og Fjordane, frå kyst til høgfjell har snøen lava ned sidan laurdag kveld. Det viser att på vegane søndag.

Ketil Molvær - VTS Lærdal

VEGVAKTAREN: Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Privat

– Det har vore eit litt jamt mas, seier dei som har hatt vakta før meg, fortel Molvær.

I morgontimane har fleire kontakta VTS for å klage på glatte vegar.

– Det har mellom anna vore etterlyst brøyting på fylkesvegen gjennom Askvoll, mellom Flokeneset og Dale. I sjutida fekk vi melding via politiet om glatt veg mellom Eid og Stryn, opplyser Molvær.

På E39 gjennom Førde var det søndag morgon svært glatt i Halbrendslia, før vegen vart brøytt.

Ein innringar fortel til NRK at det er vanskeleg slapseføre på strekningen Grov - Svelgen på fylkesveg 614 i 12-tida søndag. Mens folk slit med våt snø i ytre, kan brå kulde skape vanskar i indre strok.

– Her i Indre Sogn har det frose på og lagt seg ei tynn ishinne. Det er skummelt, særleg om ein køyrer piggfritt og det tettar seg med litt nysnø på dekka, åtvarar vaktoperatøren.

E39 Halbrendslia i Førde

SLEIPT FØRE: E39 gjennom Halbrendslia i Førde baud på svært vanskeleg føre søndag morgon.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Stort snøskred

Trass mykje nedbør, berre ein veg er heilt stengd søndag føremiddag.

– Det har gått eit stort ras på Vikafjellet. Her skal vi ha opp ein geolog måndag. Men det blir nok godt ut på dagen før vegen kan opne. Truleg blir det gjort ei vurdering klokka 12.

Søndag ettermiddag er det innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland - Hol grunna uvêr.

I tillegg har ferjesambandet Stårheim – Isane på fylkesveg 614 i Nordfjord tekniske problem og er mellombels innstilt.

– Vi har eit håp om å få ferja i drift att i eitt-totida søndag, opplyser driftsvakt Terje Stub i Fjord1-

Bygevêr i fleire dagar

Hos Vêrvarslinga for Vestlandet kan ikkje vakthavande meteorolog Haldis Berge love anna enn meir nedbør og gråvêr dei nærmaste dagane.

Statsmeteorolog Haldis Berge

METEOROLOGEN: Statsmeteorolog Haldis Berge ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Foto: Marit Hommedal

– Det blir framleis bygevêr, ganske likt gårsdagens. Vi får påfyll med snø. Særleg i indre strok og i fjellet. Regn eller sludd på kysten, seier ho til NRK.

Med temperaturar rundt null, kan det også fryse på.

– Det er såpass kaldt at det kan fryse på mellom byene, for temperaturen går litt opp i byene. I tillegg er det utrygt for torever fram til tysdag.

Først måndag kveld minkar byeaktiviteten

– Det blir meir opphald, men det blir likevel bygevêr, seier Berge som eigentleg ikkje ser noko stor betring før onsdag.

– Sør for Nordfjord og indre strok kan vente betring frå onsdag av, men Nordfjord og kyststroka får også då byer.

NB. Skredvarslingstenesta Varsom.no åtvarer mot snøskredfare i kategori 3, den nest høgste, både i Fjordane og Sogn. Skiløparar kan utløyse skred.

Nedsnødd hage i Førde

SNØTUNGT: Slik såg det ut i ein hage i Førde søndag føremiddag.

Foto: Privat