Hopp til innhold

Meir satsing mot familievald

I november i fjor vart det registrert 66 saker som kjem under kategorien familievald. Det viser tal frå Sogn og Fjordane politidistrikt.

Linda Åmelfot

MOT FAMILIEVALD: Politioverbetjent Linda Åmelfot.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I denne statistikken er ikkje seksuelle overgrep med. I romjula kom tal som syner at fire prosent av nordmenn lever i valdelege familieforhold. På landsbasis utgjer dette 150.000 menneske.

Politioverbetjent Linda Åmelfot er nytilsett i ei stilling i politidistriktet som koordinator for saker som handlar om familievald og sedelegheit.

– Tala fortel at det er nokså mange i Sogn og Fjordane som lever i valdelege forhold. Dette er eit satsingsområde for politiet, det er omfattande og tunge saker å jobbe med. Vi er eit lite fylke, men tala syner at det skjer her og.

Plikt til å etterforske

Tidlegare var det berre mellom ektefeller ein definerte valden som familievald, men no er også vald mellom sambuarar komne inn under dette omgrepet. I tillegg får barn som har vore vitne til vald automatisk status som fornærma.

– Dette gjer at denne gruppa har blitt større, og det er fleire som har krav på tett oppfølging frå politiet si side. Kjem ein borti slike saker, har politiet plikt til å etterforske, seier Åmelfot.

Den plikta er såpass streng at det berre er å hive seg rundt når vi får slike meldingar. Dette er noko vi er pålagde både frå regjering og Storting, seier ho.

– Det verste med slike saker er at folk lever i tette relasjonar over lang tid i felles bustad, der folk skulle ha hatt trygge rammer, i staden blir dei utsette for vald der.

Illustrasjonsfoto

FLEIRE ENN VI TRUR: Vald innan familie råkar fire prosent av nordmenn.

Foto: Scanpix

Større handlingsrom

Som koordinator er det hennar oppgåve å sjå til at sakene vert følgde opp, å ettersjekke arbeidet som vert gjort og sjå til at alle gjer jobben sin innanfor dei ulike fagfelta, skriv Firdaposten.

– Eg ser at vakt og beredskap krev mykje av politiet generelt, og det er mange prioriteringar som skal gjerast. Likevel kan vi ikkje la slike saker ligge, vi er nøydde til å finne rom for å gå inn i desse sakene, seier ho.

100 dagar på barneavhøyr

Slike saker er komplekse å etterforske og det kan likevel ta lang tid frå dei dukkar opp, til dei blir avgjorde i rettssystemet. Er born involverte, er fristen for å avhøyre desse 14 dagar.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det likevel kan gå opp mot 100 dagar før borna er avhøyrde.

– Ynsket er å snakke med dei når det skjer. Minnefunksjonen er viktig når ein har med born å gjere. Difor er 14 dagar også for lenge, men det er eit reelt faktum at det kan gå lengre tid, seier ho.

– Eg vil seie det er veldig uheldig. Er du utsett for noko, så handlar det om å bli sett når det skjer, legg ho til.

Baby med kraniebrot

– Det er utfordrande for borna å fortelje om det vanskelegaste dei har opplevd i sitt liv. Eg skal hjelpe dei å fortelje, kanskje for første gong. Det er ikkje berre berre å fortelje om det til ei vilt framand politidame, seier Åmelfot.

I enkelte saker kan gjerne ikkje borna sjølve fortelje det.

Ei av sakene Sogn og Fjordane politidistrikt har etterforska i det siste, er ei mogeleg mishandling av ein fire månader gamal baby . Babyen hadde lårbeinsbrot, armbeinsbrot, kraniebrot og ribbeinsbrot.

– Slikt skal ikkje skje av seg sjølv, og viser at det også i Sogn og Fjordane skjer slike alvorlege saker, seier ho.

– Er blitt flinkare

Åmelfot meiner at dei store driftseiningane innanfor politiet no, bidreg til at ein vert flinkare til å jobbe på tvers innanfor og mellom einingane.

– Er det lite ressursar ein stad, dreg vi over for å hjelpe til, og dette gjev oss større handlingsrom for å jobbe med saksfelta våre, seier ho. Når det gjeld verkemiddel som valdsalarm og besøksforbod, vert spesielt det siste vurdert frå sak til sak. Men fornærma i slike saker får alltid tilbod om bistandsadvokat, også barn.

Linda Åmelfot

– MÅ VERE MEDMENNESKE: Linda Åmelfot.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Må trø varsamt

Saker som handlar om familievald dukkar gjerne opp i helgane, det som tidlegare vart kategorisert som husbråk. Andre saker kjem til politiet via skule, barnehage, helsesøster og barnevern.

Men det er ikkje alltid like lett å handtere slike saker, og Linda Åmelfot seier at dei må trø varsamt.

– Det å skulle utlevere seg sjølv og sine næraste er ikkje enkelt for offeret. Vi må vere medmenneske og jobbe med dei som vi finn bak desse tala.

Og den kanskje viktigaste oppgåva hennar er å få ned tala på saker med familievald.

– Det gjer vi gjennom å oppdage sakene, vere ein ressursperson, sjølv om folk bur i Vågsøy eller i Sogn skal dei bli møtte av dei same kompetente personane.