Hopp til innhold

Meir samsending i nytt fylke

Det blir meir samsendingar og samarbeid, men framleis eigne radiosendingar frå Førde og Bergen.

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle

I TO FYLKE: Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle er kjende for lyttarane i Sogn og Fjordane. Framover kan dei bli oftare å høyre for radiolyttarane i den sørlegaste delen av Vestland fylke.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Denne løysinga trur vi er den beste for publikum slik vi vurderer situasjonen i dag. Så vil vi følgje med og gjere nye vurderingar for å heile vegen finne det beste tilbodet til publikum.

Rune Møklebust, NRKs sjef ombord i Hurtigruten

DEN BESTE LØYSINGA I DAG: Det seier regionredaktør i NRK Vest, Rune Møklebust.

Foto: Bjørn Rrik Rygg Lunde

Det seier fungerande regionredaktør i NRK Vest Rune Møklebust.

NRK Region Vest har hatt ei arbeidsgruppe som har sett på korleis radiosendingane bør bli organisert til det beste for publikum. Samfunnsendringar, som regionreforma og nye samferdsleprosjekt, har vore ein viktig bakgrunn for arbeidet.

Gruppa har bestått av representantar frå alle dei tre kontora i NRK Region Vest, som består av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Arbeidet har vore leia av distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Tilrådinga til arbeidsgruppa er at publikum i Hordaland og Sogn og Fjordane er best tente med ei radiosending frå Førde og ei frå Bergen. Men sendingane skal samarbeide meir, og ein skal søke å ha samsendingar når det er journalistisk motivert.

Siv Fossåskaret, Lene Granli, Mariann Reikerås, Espen Hatlestad

SENDETEAM: Snart kan også lyttarane i dagens Sogn og Fjordane bli betre kjende med Siv Fossåskaret, Lene Granli, Mariann Reikerås og Espen Hatlestad i NRK Hordaland.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Vi trur publikum ynskjer innhald som er nært, men samstundes høyre meir om det spennande som skjer i heile det nye fylket. Difor meiner vi dette er den beste måten å organisere tilbodet på.

Det seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer. Også distriktsredaktør i Hordaland, Dyveke Maiken Buanes, trur publikum ynskjer innhald som er nært.

– På radio forventar lyttarane å få kjappe meldingar om alt frå lokale trafikkoppdateringar til ein kjapp stemningsrapport frå Handballfestivalen på Stord. Difor er det gode argument for å bevare to sendingar slik vi har i dag, seier ho.

Det blir også starta eit arbeid for å finne ut kva sendingane skal heite.

Felles sending frå vestlandsduellen i cupen

Dyveke Buanes

HORDALAND: Sjølv om det kan bli meir samsendingar i det nye storfylket, trur distriktsredaktør Dyveke Maiken Buanes i Hordaland at publikum framleis ynskjer det nære innhaldet i sendingane.

Foto: NRK

Frå 01.01.2020 blir Hordaland og Sogn og Fjordane eit nytt fylke, som kjem til ha administrasjon i begge dei to gamle fylka. Bergen er også «byen» for delar av Sogn og Fjordane.

Difor peikar arbeidsgruppa på at det kjem til å vere eit aukande behov hos publikum for innhald frå heile det nye fylket. Dette ynskjer NRK å løyse gjennom auka samarbeid, deling av innhald og fleire samsendingar.

Allereie har dei to redaksjonane testa ut samarbeidet gjennom samsending om pridearrangementa i vest.

Og den 19. juni blir heile ettermiddagsendinga ei samsending som skal handle om vestlandsbataljen i cupen mellom Sogndal og Brann.

Distriktsredaktør i Hordaland, Dyveke Maiken Buanes seier det blir kjekt å løfte fotballfesten ut til heile den nye regionen.

– Brann og Sogndal betyr mykje for folk i både Hordaland og Sogn og Fjordane. Det blir flott å då kunne samarbeide og forhåpentlegvis gje lyttarane ei endå betre sending.

Utover hausten blir det auka samarbeid også om andre tema. Det blir blant anna lagt opp til felles politisk kommentator og utspørjingar i samband med kommune- og fylkestingsvalskampen.

Sterk posisjon

Distriktsredaktør Terje Gilleshammer gler seg til årets ryddedugnad

DK-SJEF: Terje Gilleshammer er distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Gilleshammer seier begge desse to sendingane har ein sterk posisjon i sine område.

– NRK Hordaland si distriktsending er Noregs største distriktsending i talet lyttarar, med over 100.000 daglege lyttarar. Særleg ser vi at sendinga står sterkt utanfor Bergen. Ser ein på lyttarandel er NRK Sogn og Fjordane den distriktsendinga i landet med flest lyttarar med 36 prosent dagleg dekning. Difor har vi ein posisjon både i Hordaland og i Sogn og Fjordane som er viktig å ta vare på, seier han.

Også Rune Møklebust framhevar den posisjonen NRK har i nye Vestland.

– Vi er stolte over den oppslutnaden vi har både i Hordaland og i Sogn og Fjordane, og vi skal jobbe hardt for å framleis vere ein viktig del av folk sin kvardag i åra som kjem, seier han.