Frå før er det kjent at det blir pengar til besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje.
I budsjettet er det og sett av pengar til å restaurere støpulen – eller klokketårnet – ved Borgund stavkyrkje.
Glad for løftet
Eigedomssjef Eli-Sofie Thorne i Fortidsminneforeninga er glad for at stavkyrkjene får eit ekstra løft.
– Behovet er stort, så vi ser fram til å kunne sette fortgang i ein del av prosjekta, seier Thorne. Arbeidet med støpulen er det fyrste prosjektet Fortidsminneforeninga skal sette i gang her i fylket, og det kjem i gang så snart tilhøva ligg til rette over nyttår.
Det er også sett av midlar til restaurering av Hove steinkyrkje i Vik i framlegget til statsbudsjett for 2005.