I 2005-budsjettet og dei komande åra hadde fylkespolitikarane teke høgde for at dei måtte betale for drifta av Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland og for tilbodet "tunge køyrety" i Sogndal.
Nye tilbod?
Svein Ottar Sandal
Det kan bety fleire tilbod, seier nestleiar i undervisningsutvalet Svein Ottar Sandal.
Når staten tar desse kostnadene, har fylkeskommunen 5,4 millionar kroner meir å rutte med i år, 6,3 millionar neste år og 2,8 millionar kroner dei to påfylgjande åra. Sandal meiener dette kan gje pengar til tilbod ein så langt ikkje har hatt økonomi til å opprette.