Hopp til innhold

Meir pengar til kommunane

Regjeringa føreslår å gi kommunane i Sogn og Fjordane 1OO millionar kroner i selskapsskatt over statsbudsjettet.

Medan fylket i fjor fekk ein reduksjon i selskapsskatten på til saman 17 mill. kr, får fylket 26 millionar kroner meir i selskapsskatt neste år.

Regjeringa styrkjer altså kommuneøkonomien neste år med endå meir pengar enn varsla i kommune-proposisjonen.

Kommunane i Sogn og Fjordane får samla ein vekst i dei frie inntektene på 5 prosent, altså 175 millioner kroner.

Luster kommune får størst vekst her i fylket med 7 prosent, medan Lærdal kommune har lågast vekst med 2,3 prosent.