Hopp til innhold

Meir og meir skeptiske til samanslåing med Hordaland

Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane blir meir og meir uroa for samanslåing med Hordaland politidistrikt.

Politihuset i Florø

URO I POLITIET: Skepsisen til samanslåing med Hordaland berre aukar blant politiet i fylket

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det har lenge vore kjent at det har vore utfordringar på leiarsida i Hordaland Politidistrikt. Framleis dukkar det opp saker og moment som gjer at vi i Sogn og Fjordane er usikre på om det er rett med ei samanslåing når ein har så store utfordringar, seier Kjetil Drange, som er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.

Tidlegare i år vedtok Stortinget at Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli eitt politidistrikt , men blant dei tilsette er skepsisen stor, spesielt etter behandlinga av varslaren i Monica-saka.

Monica-saka

Kjetil Drange

SKEPTISK: Kjetil Drange er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Vidar Gudvangen / RNK

– Varslarar har blitt stemoderleg behandla, SEFO har tidlegare gitt Hordaland Politidistriktet ei føretaksstraff på 100 000 kroner , likevel dukkar det opp nye moment, og vi kan ikkje sjå at det naudsynte tiltak er gjort, seier Drange.

– Så de vil krevje endringar i leiinga?

– Med ein situasjon der det stadig dukkar opp nye ting så stiller vi spørsmål ved om dette er rett tidspunkt for ei samanslåing med Hordaland

Forstår skepsisen

Leder for Politiets Fellesforbund i Hordaland, Kjetil Rekdal.

FORSTÅR SKEPSIS: Kjetil Rekdal er leiar i politiets fellesforbund Hordaland.

– Det er forståeleg at politifolk i Sogn og Fjordane er skeptiske til å bli i slegne saman med Hordaland, seier leiar i politiets fellesforbund i Hordaland, Kjetil Rekdal.

Han syner til at dei no har bak seg halvtanna åra med omfattande kritikk mot politiet i Hordaland. Både når det gjeld handteringa av Monica-saka og den påfølgande varslarsaka.

– Deler du skepsisen til kollegaene i Sogn og Fjordane til om dette er rett tidspunkt for ei samanslåing?

– Når det gjeld samanslåing, så er det bestemt politisk at det skal gjerast. Og når det først er bestemt at det skal gjerast, så er trur eg ikkje at ei utsetting nødvendigvis er den beste løysinga.

Konstituert politimeister i Hordaland, John Reidar Nilsen, ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå politiets fellesforbund.