Bjørg Eikum Tang, rådgjevar ved helse- og sosialavdelinga hjå Fylkesmannen, inviterer no skulane i Sogn og Fjordane til å delta i prosjektet.
Betrar læringsmiljøet
– Dersom ungane får betre kost og fysisk aktivitet, så blir læringsmiljøet betre, seier Tang. Ho peikar òg på at dersom dei får gode vanar på desse områda når dei er unge, vil dei gjerne halde på desse vanane når dei vert vaksne.