Anny Felde er helse- og sosialsjef i Gloppen kommune. Ho er lite tilfreds med dei vanskelege økonomiske rammene i kommunen.
- Det er veldig krevjande og lite inspirerande, seier Felde.
Har blitt flinkare
Erna Solberg
For i Senterparti-kommunen har dei gjort alvor av kommunalministeren sine krav om nedskjeringar. (Sjå Nedskjeringar på helsa laus) Regjeringa med kommunalminister Erna Solberg i spissen, meiner kommunane har blitt flinkare å styre pengane.
- Kommunane har gjort ein god jobb med å kome i betre balanse. Men dei må framleis jobbe for å komme ned, for det er ingenting som er verre i ein kommune enn å køyre med underbalanse. Det blir berre verre og verre for kvart år, seier Solberg.
Mistrivsel og sjukmeldingar
Per Rune Vereide
Men det var dramatiske kutt, særleg i helse- og sosialsektoren, som gav Gloppen kommunen eit overskot i fjor på tre millionar kroner. Prisen dei må betale er mistrivsel, utslitne medarbeidarar og mange sjukmeldingar. Politikar og partisekretær i Senterpartiet, Per Rune Vereide, meiner kutta går på helsa laus.
- Oppgåvene blir for mange, og pengesekken blir for liten. Då går det ikkje i hop, og då går det ut over den enkelte brukaren til slutt, seier Vereide.
Tøffare kvardag
Gloppen er berre ein av mange kommunar som går i pluss, men likevel slit med eit stort akkumulert underskot. Med 21 millionar i etterslep som skal nedbetalast, vil dei neste åra også bli tøffe.
Oddgeir Lunde
Leiar i sjukepleieforbundet i Sogn og Fjordane, Oddgeir Lunde, har fått tilbakemeldingar frå sine medlemmer om ein tøffare arbeidskvardag.
- Tillitsvalde melder om at medlemmer i stadig større grad går på jobb halvsjuke på grunn av dei føler dei må det. Dei pressar seg meir, og det blir eit meir kynisk arbeidsliv, seier Lunde.