Hopp til innhold

Meir kritikk mot Sogndal kommune

Sogndal kommune får kritikk for å vere seine med å føre kritisk brev inn i postjournalen.

Sogndal kommunehus

TREIGE: Kommunerepresentant Christen Knagenhjelm tykkjer det er påfallande at Sogndal kommune endå ikkje har journalført kritikk-brevet frå Fylkesmannen i Hordaland angåande den sjuke 17-åringen Christina Flåten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Elleve dagar etter at det var sendt, er brevet der Fylkesmannen i Hordaland gir Sogndal kommune krafig kritikk for tilbodet dei har gitt til 17-år gamle Christina Flåten, framleis ikkje ført opp i kommunen sin postjournal.

Kommunestyrerepresentant Christen Knagenhjelm tykkjer det er påfallande.

– Det er jo litt påfallande i ei sak som trass alt har fått så mykje merksemd. Ein burde vel vere ganske pinleg nøyaktige med journalføringa i slike saker som er såpass offentleg og så kjenslemessig som den her, seier Knagenhjelm.

Sterk kritikk

Christina Flåten

KJENSLEMESSIG: Kommunen bør vere pinleg nøyaktig med journalføringa i slike kjenslemessige saker, meiner kommunerepresentant.

Foto: NRK

Brevet er ført ut av Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal den 26. juli, og inneheld sterk kritikk av behandligstilbodet Sogndal kommune har gitt Christina Flåten, ei 17-år gamal jente med eit svært samansett sjukdomsbilete. Ho var under kommunen si omsorg fram til i vår.

Innhaldet i brevet vart kjend i media før helga og inneheld sterk kritikk manglande overvaking av den fysiske helsa til jenta, og fråveret av ein individuell plan for behandlinga.

– Innhaldet ikkje årsaka

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad seier likevel at innhaldet ikkje er årsaka til at kommunen ikkje har offentleggjort korrespondansen.

– Brevet er gått til fagavdelinga hos oss, og blir opna der. Som følgje av ferieavviklinga så kan det ta litt tid før det vert opna. Det vart opna i dag, og vi var kjend med at brevet var på veg så det er ikkje noko problem. Og så vert det postført hos oss, så det vil komme på postlista i dag, seier Aanestad.

Måndag kveld var brevet framleis ikkje ført inn i Sogndal kommune sin postjournal.