NRK Meny
Normal

Meir erstatning etter sjukehusfeil

Ein mann i 60-åra frå Sunnfjord er tilkjend ytterlegare 328.000 kroner i erstatning etter feilbehandling ved Førde Sentralsjukehus i 1996.

Norsk Pasientskadeerstatning har vedgått ansvaret og gitt mannen erstatning tidlegare for manglande oppfølging etter ein amputasjon.

Mannen, som no er 100 prosent uføretrygda, gjekk til sak mot Norsk Pasientskadeerstatning, NPE, for å få auka erstatning. I retten vann han på alle punkt.

I tillegg til sjølve erstatningssummen må NPE betale sakskostnadene til mannen på 113.000 kroner.