Hopp til innhold

Forsikringsselskapa nedringt av skademeldingar etter flaumen

Forsikringsselskapa har fulle hyre med å ta unna skademeldingar frå folk som har mista husa sine etter flaumen på Vestlandet. Førebels er femti hus skadde i flaumen. Men skademeldingane strøymer inn.

Tre hus er tekne av flaumen i Flåm.

SKADER PÅ HUS: Fleire hus er rivne vekk av flaumen som råka Sogn og Fjordane. Hos forsikringsselskapa renn skademeldingane etter flaumen inn.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Vi har passert femti skader som følgje av vêr og vind, seier kommunikasjonsansvarleg i Frende forsikring, Heidi Tofterå Slettemoen.

Tysdag kveld og natt til onsdag vart uvêret i Sogn og Fjordane verkeleg brutalt, og fleire stader i fylket måtte folk evakuerast frå heimane sine.

Ein av stadane som har vorte hardast råka, er Flåm, kor 143 menneske vart evakuerte tysdag. Også i Lærdal måtte folk evakuerast, etter at vasstanden vart så høg at det var fare for bruer og hus.

Det veldige uvêret gjer at forsikringsselskapa no blir nedringt av kundar som har fått store skadar på husa sine.

Frende forsikring er mellom anna ansvarleg for forsikringar i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

Heidi Tofterå Slettemoen

VENTAR SKADERUSH: Allereie har Frende forsikring fått inn melding om 50 hus som er skada av flaumen, men det kjem stadig inn meldingar om fleire skader.

Foto: Frende forsikring

I Sogn og Fjordane er det meldt om skader i Førde, Naustdal og Sogndal.

Kva typar skader er det snakk om?

– Mange av skadane gjeld utette bygg, der vatn kjem inn gjennom vinduer og dører, men også trasser og skorsteinar.

Korleis vil det sjå ut utover veka?

– Det som blir interessant å sjå er jo kva folk opplever når dei kjem heim frå jobb. No når det framleis regnar, vil det framleis kome regn inn. Vi ser også at i helga når folk kjem på hytta så vil det vere skadar også der, så du kan godt seie at vi ventar eit skaderush mot helga.

– Lett å få panikk

Vatn som kjem fossande rundt i huset, er ikkje kvardagskost. Det kan gjere store skader på hus og heim, og forsikringsselskapet ber folk vere på vakt.

– Vass-skader er sjølvsagt traumatisk for folk flest. Dette er jo ikkje noko ein opplever i kvardagen, og når ein da har vatn i kjellaren eller i stua eller rett utanfor vindauga, så er det lett å få panikk, seier Tofterå Slettemoen og understrekar:

– Da er det viktig å få gjort grep slik at skadane ikkje blir verre.

– Nokre har skader som gjer at husa ikkje er til å bu i, der ein må inn med stort skadeapparat for å rydde opp og tørke ut, medan andre berre må tette mellombels. Det er sjølvsagt utriveleg for dei som opplever slikt, seier Tofterå Slettemoen.

Skader for fleire millionar

Også i If Skadeforsikring seier at dei har fått inn fleire skademeldingar frå folk på Vestlandet.

– Vi har til no fått 15 meldingar om skader på privathus. Storleiken på skadane er ikkje kjent enda, men erfaring tilseier at det vil vere snakk om store skader på husa, seier kommunikasjonsrådgjevar i If, Sigmund Clementz.

Særleg kjellarar er hardt råka, og når det er snakk om totalskade vil det fort koste 100.000 kroner å bygge opp ein ny kjellar. Ligg badet i kjellaren, vil berre det aleine fort ha ein prislapp på 300.000 kroner.

Flåmselvi sine herjingar

HAR TATT HUS: Fleire hus har blitt tatt av flaumen, slik som her i Flåm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg til dei 15 skadane på privathus, er det også meldt om 5 bedriftsskadar, skader som reknast som storskadar. Det gjeld store skader på sameige og burettslag, i tillegg til at ein overnattingsstad er råka med svært store skader.

Det er altså snakk om skader for fleire millionar.

– Berre for If åleine er det snakk om fleire millionar. Kombinasjonen av flaum, vatn i kjellarar og tilbakeslag kor avløpsnettet ikkje tek unna vatnet som kjem inn, gjer at det blir mange skader, seier Clementz.

Har fått inn over 150 skademeldingar

Gjensidige forsikring har fått inn over 150 skademeldingar frå heile Vestlandet etter flaumen.

45 av desse er meldt inn frå Sogn og Fjordane berre i natt og i morgontimane onsdag.

Omfanget er venta å auke kraftig. Det melder informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, i ei pressemelding.

Arne Voll

OVER 150 SKADEMELDINGAR: Hos Gjensidige har telefonen ringt i heile dag. Det har kome over 150 skademeldingar frå heile Vestlandet etter flaumen, 45 av desse frå Sogn og Fjordane. Det fortel informasjonssjef Arne Voll.

Foto: Gjensidige

Hos forsikringsselskapet er det no stor pågang av folk som melder om store skader, noko som gjer at kundar kan oppleve ein del ventetid på telefonen.

– Det er umogeleg å fastslå kor store desse skadane er, men summert opp så er det mange skader, og det er store materielle øydeleggingar. Fokus no er å hjelpe alle dei som treng det, så får vi kome tilbake med erstatningssummar seinare, heiter det i pressemeldinga frå Gjensidige.

– Lokalbefolkninga tar vare på kvarandre

If har førebels ikkje ei total oversikt over alle skadane på Vestlandet, men seier onsdag formiddag at det altså er meldt inn rundt 20 skader totalt. Talet kan auke dei kommande dagane.

– Det er ikkje alle som veit heilt enno kva som har skjedd eller kva som er omfanget av skadane, så når vêret roar seg og folk får sleppe til i husa sine, så får vi nok eit klarare bilde av situasjonen, seier Clementz.

Sjølv om bilda frå Vestlandet er dramatiske, seier Clementz i If at det verkar som at vestlendingane er budd på det ekstreme vêret her.

Sigmund Clementz, If

FØREBELS IKKJE OVERSIKT: Sigurd Clementz i If Skadeforsikring seier at det førebels ikkje er sikkert kor mange av kundane deira som er råka av det kraftige uvêret.

Foto: Kilian Munch

– Vestlendingar er generelt vant til røft vêr og vant til å hanskast med slikt, men når naturkreftene tek over på denne måten, da føler ein seg liten som menneske. Det viktigaste er da at det ikkje er nokon som er skada, og det skal ein vere nøgd med., seier han og legg til:

– Når det oppstår materielle skader, så er det nok veldig mange som vil vere veldig glade for at dei har betalt forsikringa si år etter år.

Clementz understrekar at forsikringsselskapa skal hjelpe kundar som har opplevd store tap og store skadar, og at dei hjelper til med praktisk bistand og økonomisk naudhjelp i dei ekstreme tilfella.

Han er også glad for at lokalbefolkning rundt om på Vestlandet er flinke til å ta vare på kvarandre når ekstremvêret rasar.

– Det praktiske og menneskelege aspektet er veldig viktig. Lokalbefolkninga er gode til å stille opp for kvarandre, det merker vi frå gang til gang, seier Clementz.

Førebels ikkje oversikt

Finans Norge er hovudorganisasjonen for finansnæringa i Norge, og er altså organisasjonen for dei store skadeforsikringsselskapa.

Det vil ta fleire dagar før dei har oversikt over kor mange vêrskadar som er meldt inn.

Vatnet har gått over sine breidder i Lærdal.

SVÆRT MYKJE NEDBØR: Vatnet har gått over sine breidder i Lærdal, noko som kan forårsake store materielle skader.

Foto: Oddleif Løset

– Det er altfor tidleg å seie noko om skadeomfanget på Vestlandet, seier Westby og legg til:

– Det som no er viktig for forsikringsselskapa er å hjelpe kundar som tek kontakt og som treng hjelp. Derfor har vi førebels ingen oversikt over kor mange bygningar som er skada.

Også Westby understrekar at forsikringsselskapa står klare til å hjelpe kundar som opplever store materielle skader på hus og heim.

– Forsikringsselskapa har god beredskap og kundane skal melde om skader på vanleg måte. Det er klart at viss kjellaren er fylt med vatn, så har ikkje folk oversikt over kva for verdiar dei har. Erfaringsmessig så tek det litt tid å få oversikt, seier Westby.

Kva kan ein gjere når ulykka er ute?

Det er mykje ein kan gjere når uvêret herjar, og mykje handlar om å minimere skaden. Noko kan ein også gjere på førehand.

Tofterå Slettemoen har nokre gode råd til kva ein bør tenke på når flaumen rasar.

– Ser du at det kjem vatn inn, så er det viktig at du sjølv gjer det du kan for å avgrense skadane. I nokre tilfelle kan du sjølv tømme romma for vatn som ikkje har rent ut, er det store mengder så må ein ha assistanse for å få det til, seier ho.

Det er også lurt å passe på elektriske anlegg og koplingar i huset, meiner forsikringsselskapet.

– Ta ut sikringar frå elektriske anlegg i rom som har vore oversvømte, riv ut teppe og golv for å få hjelp til å tørke opp, men lagre det på eigendomen så takstfolk kan vurdere skaden, seier Tofterå Slettemoen og legg til eit siste råd:

– Viss du er heime, så kan det vere lurt å opne ytterdøra i kjellerdøren og eventuelt vindauge i den skadde etasjen så det kan vere med å framskynde tørkinga.