Hopp til innhold

Meir enn 1500 sprang Førde Opp

Strålande ver og stort oppmøte er stikkorda etter dagens motbakkeløp i Førde, der Karoline Holsen Kyte vann dameklassa.

Førde opp, Hafstadfjellet.

FOLKSAMT: Mange tok turen til toppen av Hafstadfjellet under Førde opp i finvêret.

Foto: Ole Johnny Devik

– Det har vore fullt køyr heile dagen. Vi starta klokka ni og då var det alt kø i påmeldingslukene, seier leiar for arrangementskomiteen i Førde Opp, Bjørn Kjønås.

Bjørn Kjønås
Foto: Førde Opp

Han er strålande nøgd etter dagens motbakkeløp i Førde. Kjønås anslår at deltakartalet har vore på ein stad mellom 1500 og 1700, noko som nærmar seg rekordåret 2012 då 1740 personar deltok i løpet. Han er veldig nøgd med breidda i deltakarmassen i år.

– I år har det vore mykje skuleungdom med i løpet. Nesten 1000 stykk faktisk, seier Kjønås.

Pallen, Førde opp

TOPP 3: Dei tre beste i dame- og herreklassen fekk premiar etter løpet.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ikkje rekord

Karoline Holsen Kyte, Førde opp

Karoline Hosen Kyte vart vinnaren i dameklassen.

Foto: Ole Johnny Devik

På herresida vann Johan Bugge frå Eidsvåg med tida 25.56, noko som er 50 sekund bak hans eigen løyperekord, mens Karoline Holsen Kyte frå Førde vann dameklassa med tida 31.03, 47 sekund bak rekorden for kvinner. Kyte vann også Skåla opp i august.

– Det er dei to beste i Noreg som har vore her. Dessverre så er sesongen no på hell og vi fekk vi ikkje rekord i år, seier Bjørn Kjønås.

Han seier han er verkeleg imponert over Karoline Holsen Kyte som har gjort det stadig betre i motbakkeløp i det siste.

– Ho er ung og har kropp som er bygd til å springe motbakkeløp. Trenar ho riktig er eg sikker på at vi vil sjå ho på startlista i store løp i tida framover, seier Kjønås.

Johan Bugge, Førde opp

Johan Bugge, vinnar i herreklassen.

Foto: Ole Johnny Devik