NRK Meny
Normal

Dette meiner han er løysinga for landbruket

Landbruket i Sogn og Fjordane har vore gjennom ei kraftig effektivisering. Det er konklusjonen til landbruksdirektør Christian Rekkedal.

Landbruksdirektør Christian Rekkedal

LANDBRUKSDIREKTØR: – Det blir definitivt færre bønder, men i vårt fylket har vi klart å halde nokolunde stabil kjøt- og mjølkeproduksjon, seier landbruksdirektør Christian Rekkedal.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Vi har absolutt vore ein del av utviklinga, men vi har klart å halde oppe produksjonen. Men det skjer på ein stadig større del av kraftfôr, seier Rekkedal.

Landbruksdirektøren viser til Brennpunkt-dokumentaren Framtidsbonden, som denne veka fortalde at Austlandet overtek norsk matproduksjon.

Meir kraftfôr

For produksjonen av kjøt og mjølk går ned i dei fleste landsdelane i Norge. Men ikkje på det flate Austlandet, der produksjonen aukar.

Berre i Sogn og Fjordane er tal bruk redusert med 23 prosent siste ti åra. Når bøndene likevel klarer å halde oppe produksjonen, skjer det på kostnad av landskapet. For i større grad enn før kjem fôret til gardane med lastebilar.

– Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal er blant fylka som nyttar mest kraftfôr i mjølkeproduksjonen. Og det skjer for å møte krava til effektivisering, seier Rekkedal.

– Illevarslande

For det er mange små teigar og med stadig reduksjon i tal bruk, blir avstandane til desse lenger og lenger. Då blir det lettare å få lastebilen på tunet. Stadig mindre fulldyrka jord uroar Rekkedal.

Rekkedal presiserer at effektiviseringa er nødvendig både for lønsemda og matprisane.

– Utfordringa er at arealressursen, som vi på lang sikt skal produsere maten på, går ned. Det er illevarslande og tankevekkande at vi ikkje driv jorda like godt som for 10–15 år sidan, seier han.

– Sjå på moglegheitene

I bloggen «Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet», stiller Rekkedal spørsmål ved om ein berre må akseptere utviklinga fullt ut, eller om ein kan gjere noko med situasjonen.

Rekkedal meiner det siste. Og det må balanserast med krava til effektivisering. Han meiner differensierte støtteordningar kan gi eit levande landbruk over heile landet.

– Vi må ikkje ende opp i ein moralisering av bøndene som då gjer det som er mest lønnsamt. Det kan vi ikkje kritisere dei for. Her må vi sjå på kva moglegheiter dei har, seier han.