Av Synnøve Aasland og Kjell Arvid Stølen
- Det siste året har bringebærproduksjonen i fylket hatt ei svært positiv utvikling, og innføringa av plasttunnelar kan ta ein del av æra, fortel fylkesgartnar Torbjørn Takle.
Meir bringebær i korg. Arkivfoto NRK
Stadig meir korgbær
Siste året har spesielt bringbær for konsum, og ikkje berre som råvare i industrien, hatt ei svært god utvikling i Sogn og Fjordane. I fjor vart det omsett 50 tonn korgbær, og i år er dette auka til 180 tonn.
Produksjonen skal aukast meir
Sogn og Fjordane står for omlag 90 % av den samla produksjonen i landet, men målet er å auke produksjonen endå meir.
Fordel med plasttunnel i dårleg ver
Plasttunnelar endrar klimatilhøva for bæra slik at ein fremjar modning, og lettare kan produsere i dårleg ver utover hausten. Dei gode resultatet med slike tunnellar i år gjer at det vert satsa vidare.
Marknaden vil ha meir
Og marknaden vil ha meir bringebær, skal vi tru fylkesgartnarten.Han har nyleg delteke på eit seminar om bringebærproduksjon, der det kom fram at behovet er stort.