Hopp til innhold

Han meiner fylkesordføraren opptrer meir som partipolitikar enn fylkesordførar

Høgre-gruppeleiar Noralv Distad skuldar fylkesordføraren for å vere meir Ap-politikar enn ombodskvinne for fylket.

Noralv Distad og Åshild Kjelsnes

SKUFFA: Noralv Distad (H) er skuffa over fylkesordførar Åshild Kjelsnes og meiner ho ikkje opptrer som ein fylkesordførar skal.

Foto: Vidar Gudvangen/Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes svartmålar regjeringa sitt statsbudsjett, meiner Noralv Distad, gruppeleiar for Høgre.

– Ho seier det er eit budsjett utan lyspunkt, ho snakkar om at det er opphaussing av enkelte postar, ho seier det er eit budsjett som er blytungt slik vêret er ute. Ho snakkar om nedskjeringar og monopolpengar, Distad ramsar opp.

– Slik snakkar ikkje ein fylkesordførar, seier han.

Skuffa over Kjelsnes

Han meiner det er greitt at ho har innvendingar mot enkeltpostar i budsjettet.

– Men ein fylkesordførar som ikkje har evne til å glede seg over dei positive tinga i eit budsjett opptrer eigentleg ikkje som ein fylkesordførar, og det skuffar meg, seier Distad.

Kjelsnes på si side avviser kritikken frå Høgre-mannen, og presiserer at ho er fylkesordførar for alle. Ho seier hennar jobb er å stå opp for innbyggjarane når ho ser og vurderer at tilhøva blir vanskelegare eller rose når tilhøva vert lagt til rette.

– Når fakta er at vi er i ein vanskelegare økonomisk situasjon no etter at statsbudsjettet er blitt lagt fram enn vi var ved fylkestinget i juni, så må eg forholde meg til det og gje beskjed om det. Viss ikkje så gjer eg jo ikkje jobben min, forsvarar Kjelsnes.

Bør òg ta med det positive

Distad meiner ho gjerne må peike på ting ho saknar eller er misfornøgd med i statsbudsjettet, men meiner ho òg bør ta fram det som er positivt.

– Til dømes får vi 65 millionar kroner kvart år til tunnelsikring. Det er ein stor sum over fem år.

Han meiner måten fylkesordføraren opptrer på er uheldig for Sogn og Fjordane og dei fantastiske moglegheitene fylket har.

ÅSHILD KJELSNES OG NORALV DISTAD MØTTEST TIL DEBATT I ETTERMIDDAGSSENDINGA, PROGRAMLEIAR ER ERLEND BLAALID OLDEIDE: