Hopp til innhold

Meiningsmåling: Sp og Ap kraftig fram – regjeringspartia slit

Senterpartiet går kraftig fram i ei ny meiningsmåling, og ville fått ein representant ekstra på fylkestinget. Regjeringspartia ville derimot fått mindre makt i fylkespolitikken.

Hilmar Høl

FANTASTISK UTGANGSPUNKT: Hilmar Høl seier resultatet, der Ap hadde gått fram med to mandat, er eit «fantastisk utgangspunkt».

Foto: Bård Siem / NRK

Senterpartiet (Sp) får 27 poeng i ei meiningsmåling utført i byrjinga av april, ein auke på 4,5 prosentpoeng i høve til ei måling i oktober i fjor. Arbeidarpartiet (Ap) går tilbake sidan målinga i oktober i fjor, men 32 prosent er klart betre enn ved fylkestingsvalet i 2011.

Meiningsmålinga er gjort av Respons Analyse på oppdrag frå NRK og Bergens Tidende.

– Det er utruleg positivt for oss, seier fylkesleiar i Sp, Karen Marie Hjelmeseter, som hadde fått elleve av sine partifeller inn på fylkestinget om målinga var valresultatet.

Fordelinga av mandata er gjort ut frå eit fylkesting med 39 medlemer. I september i fjor vedtok politikarane å kutte åtte medlemer.

– Dette er eit fantastisk utgangspunkt fram til valet. Me har vore synlege og tydlege i vår politikk. Sentraliseringsiveren til regjeringa verkar nok også inn, seier fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, som hadde enda opp med 13 representantar, to meir enn i 2011.

  • Sjå tala frå førre val og meiningsmålingane nedst i saka.

Regjeringspartia tilbake

Medan Arbeidarpartiet får ein klar auke frå siste fylkestingsval, er situasjonen stikk motsett for regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet.

Høgre får 13,5 prosent i målinga, ein nedgang på 3,4 prosentpoeng og eitt mandat.

Arve Mjømen

FYLKESLEIAR HØGRE: Arve Mjømen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Me er slett ikkje nøgde med det nivået. Hovudårsaka er at me har fått veldig mykje køyr når det gjeld den fylkeskommunale økonomien. Det synest eg er veldig urettferdig, fordi den førre regjeringa sette i gang saka, men ikkje tok politisk ansvar for eit vedtak, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen.

– Det er heilt feil. Det vart varsla ei reform. Men den førre regjeringa stogga reforma fordi utslaga for fem fylkeskommunar vart så uhorveleg store, svarar Ap-leiar Hilmar Høl.

Venstre går fram

Framstegspartiet får 4,6 prosent i målinga, noko som er ein reduksjon på tre prosentpoeng i høve til fylkestingsvalet for fire år sidan.

Lars-Svein Drabløs

FYLKESLEIAR FRP: Lars-Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med det. Men no startar vi valkampen, så får me sjå kva valresultatet viser, seier fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.

– Har Frp gjort ein for dårleg jobb her i fylket?

– Det kan ein jo seie, men vi har jobba tungt i kommunesektoren, og det må me rette på.

SV går tilbake med rundt ein prosent, og tilbake eitt mandat. Venstre går fram ein prosent, men får ikkje utteljing i ein ekstra representant

Meiningsmåling April

Parti

Fylkestingsvalet 2011

Respons okt. 2014

Respons apr. 2015

Prosent

Mandat

Prosent

Mandat

Prosent

Mandat

Arbeidarpartiet

27,0

11

37,6

15

32,9

13

Framstegspartiet

7,6

3

4,8

2

4,6

2

Høgre

16,9

7

14,0

6

13,5

6

Kristeleg Folkeparti

6,6

3

7,0

3

6,8

3

Miljøpartiet Dei Grøne

0,6

0

1,4

0

1,6

0

Raudt

1,6

0

1,1

0

1,0

0

Senterpartiet

25,7

10

22,5

9

27,0

11

Sosialistisk Venstreparti

4,3

2

3,4

1

3,4

1

Venstre

7,4

3

6,6

3

8,2

3

Andre

2,3

0

1,6

0

1,0

0

600 personar vart spurde i meiningsmålinga til Respons Analyse, i perioden 7. til 9. april.

Ekspander/minimer faktaboks