NRK Meny
Normal

Meiningslaust av Sp å politimelde meldinga no

Advokat John Christian Elden meiner det er lite sannsynleg med vidare etterforsking av den grove meldinga som vart sendt til Liv Signe Navarsete i 2016.

FORSVARER: John Christian Elden.

MEININGSLAUST: Den profilerte advokaten John Christian Elden meiner meldinga som Liv Signe Navarsete er forelda som straffesak.

Foto: SVEIN OLSSON / NRK

Onsdag gjekk partileiinga til politimelding av saka etter at avsendaren ikkje hadde meld seg. Elden seier til TV2 at eit eventuelt brot på straffelovas paragraf 298 er blitt forelda medan saka har ligge på Senterpartiet sitt bord.

– Det er då nokså meiningslaust å melde det no, og lite truleg at politiet vil gjere noko med saka. Den vart forelda som seksuallovbrot 2 år etter at meldinga vart sendt, seier Elden.

Meldinga vart sendt til Navarsete under ein hyttetur med ti deltakarar i Storlien i Sverige i februar 2016.

– Om det generelt kan tolkast som omsynslaus åtferd er juridisk tvilsamt, og utan politimelding frå fornærma i saka er det lite truleg at det allmenne omsyn krev påtale etter straffeprosesslova 62a for eit slikt forhold som er gjort i Sverige for meir enn to år sidan, seier Elden til TV-kanalen.