– Det er udemokratisk å kjempe mot vedtekne vindmøller

BKK-direktør kallar motstanden som no blir mobilisert mot vindmøller på Stad for «udemokratisk», og meiner den kjem ti år for seint.

Olav Osvoll

– UDEMOKRATISK: BKK-direktør Olav Osvoll meiner motstandarane mot vindkraftprosjektet på Stad kjem på bana altfor seint i prosessen. Han understrekar at BKK ikkje er involvert i prosjektet eller andre vindkraftprosjekt i fylket.

Foto: Elise Angell / NRK

– Du må gjerne vise misnøye, eg likar lokalt engasjement. Men sett opp imot dei demokratiske prosessane som har vore i denne saka, kjem motstanden nesten ti år for seint.

Det seier direktør i BKK Produksjon, Olav Osvoll. Selskapet Falck Renewables Vind AS er klare til å setje i gang det første anleggsarbeida i august. Facebookgruppa «Nei til vindmøller på Stad» har på kort tid fått over tusen medlemmer. Håpet er å stogge utbygginga av Okla vindkraftverk på Stadhalvøya.

Osvoll kallar det udemokratisk av motstandarane å kome på bana så langt ute i prosessen.Han understrekar at BKK ikkje er er involvert i vindkraftprosjektet på Okla eller elles i fylket.

Fleire innspelsmoglegheiter

Osvoll påpeiker at det vanlegvis tek lang tid å få ein vindkraftkonsesjon, og at alle interessegrupper som vil har kunna uttale seg i fleire rundar. Første gong så langt tilbake som i 2004.

– Men skal ikkje ny kunnskap kunne få vere ein del av debatten?

– Jo, det blir ein del av debatten framover, men for prosjekta som har vore behandla i byråkratiet og hatt demokratiske prosessar, er det for seint.

Osvoll påpeiker at landbasert vindkraft er av dei beste alternativa for å lukkast med det grøne skiftet.

– Klokt å snu

Ein av initiativtakarane bak «Nei til vindmøller på Stad», Torkjell Djupedal, meiner det burde vere rom for å snu sjølv langt ute i ein prosess.

– Det er klok politikk å ombestemme seg når ein ser at vedtaka som er gjort, er feil. Konsekvensar av prosjektet er så mykje større enn det mange var klar over.

Trengst det ny kraft til det grøne skiftet, er det ikkje vindkraft det bør satsast på, meiner Djupedal.

Bård Fløde og Torkjell Djupedal

VIL HA POLITIKARANE TIL Å SNU: Motstandarar mot vindkraft på Stad, her representert ved Bård Fløde og Torkjell Djupedal, meiner det ikkje er for seint å stogge utbygginga i Selje.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Ein må først endre skattereglar og reinvestere i den vasskrafta alt har. Når staten subsidierer vindkraft så ekstremt, seier selskapa ja takk.

Marino Ask er styreleiar i organisasjonen La Naturen Leve, som står bak den største Facebookgruppa mot vindkraft i Noreg. Han meiner ikkje det er udemokratisk å kome på bana med motstand seint i prosessen.

– Eg trur tvert imot, at det er demokratiet som her verkar. Når så mange no seier at dette ikkje er berekraftig, så skuldast det nok at kunnskapen om det ikkje har vore der tidlegare. Eller at han har vore der, og ein ikkje tatt det innover seg.

– Det er nok grunnen til det som skjer no, og det er viktig at politikarane lyttar.

Vil ikkje stogge Stad-prosjektet

Men i eit intervju med NRK seier ordførarkandidat i nye Stad kommune, Siri Sandvik (Ap), at Stad-prosessen har kome for langt til å stoggast.

Siri Sandvik

VIL IKKJE SNU: – Prosessen har kome for langt til å snu den no, meiner ordførarkandidat for nye Stad kommune, Siri Sandvik (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Heller ikkje ordførarkandidat Alfred Bjørlo (V) vil setje ned foten for prosjektet på noverande tidspunkt.

Det skuffar Djupedal.

– Det er deira jobb å bere fram folket dei skal representere sine saker, seier han.

Presisering:
Det er selskapet Falck Renewables Vind AS som byggjer ut på Stad. Selskapet er eigd av italienskbaserte Falck Renewables AS og SFE Produksjon. BKK eig 36,83 prosent av aksjane i SFE. BKK eig difor indirekte 6,7 prosent av Okla vindkraftverk, men administrerande direktør i BKK Produksjon AS, Olav Osvoll, seier BKK aldri har vore aktivt inne i utvikling av prosjektet.