NRK Meny
Normal

Meiner vêrgudane får for mykje makt i påska

Sol, blå himmel og snø, det er påska alle drøymer om. Men vi let påskeferien i altfor stor grad bli styrt av vêret, meiner fleire.

Skogadalsbøen

VÊRET BESTEMMER: Vi kan godt bli flinkare til å bruke påskeferien utandørs, sjølv om ikkje sola skin, meiner både hyttevertar og turlagsleiar.

Foto: Kim Steffen Moen

Skogadalsbøen turisthytte

HYTTEVERTAR: Marit Høgheim og Olav Kjell Moen.

Foto: Privat

Etter ein nærare tre mil lang skitur frå Tyin kjem du til Skogadalsbøen turisthytte i Jotunheimen. Der er Marit Høgheim hyttevert saman med mannen sin. Ho opplever at mange altfor lett droppar påsketuren i fjellheimen på grunn av vêret.

– Det er nok at det er overskya. Vi er blitt veldig glade i sol, og vi forventar nok litt meir sol enn vi gjorde før, for vi reiser meir. Men vi bur i Norge, og Norge er jo ikkje noko land som er kjend for å ha kjempevêr, seier Høgheim.

– Verdsmeisterar på å lese vêrmeldingar

Skogadalsbøen turisthytte

PÅSKEIDYLL: I slikt vêr får Skogadalsbøen turisthytte flest gjestar.

Foto: Privat

I sesongen har turisthytta rom til 87 personar på same tid. I løpet av ei påske pleier dei å ha rundt 300 besøkjande. Men det er langt mindre enn for nokre år tilbake. Høgheim trur fokuset på vêret er ein del av grunnen.

– Vi har fått verdas beste kle og verdas beste kommunikasjon, men så er vi blitt verdsmeistrar på å lese vêrmeldingar også, trur eg. Vi legg nok opp ferien etter kva «Yr» melder.

Og fleire merkar det same.

– Når det kjem dårlege meldingar så kjem kanselleringane, og når det er gode meldingar så ramlar det inn med bestillingar. Så vi er litt avhengige av «Yr», dessverre, seier dagleg leiar ved Turtagrø hotell, Laila Hjelvoll.

På Hotel Alexandra i Loen merkar dei det også, berre omvendt.

Hotelldirektør ved Alexandra

DÅRLEG VÊR BRA: For hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra kan for fint vêr vere negativt.

Foto: Silje Guddal / NRK

– I ei påske med utruleg fint vêr vil du gjerne høgt til fjells, og det kan få konsekvensar for vår trafikk, seier hotelldirektør Richard Grov.

Går glipp av opplevingar

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss kan stadfeste at folk er meir opptekne av vêret når påska kjem. Han trur media og ulike faglege instansar er ein del av årsaka.

– Frå alle hald får folk prenta inn at dei må høyre på vêrmeldingar før dei legg ut på langtur. Det kan sikkert ha effekt. Men det er nok veldig drive av media også.

Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag meiner folk går glipp av gode opplevingar, dersom dei kun kjem seg ut når det er sol.

Marino Ask

UT PÅ TUR: Turlagsleiar Marino Ask oppmodar fleire til å bruke naturen sjølv om det ikkje er heilt klar himmel og sol.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er også svært viktig å bygge erfaring ved å gå i litt meir krevjande vêrforhold. Det byggjer tryggleik, du får testa deg sjølv og utstyret du har med deg. Må du fram med kart og kompass så er det også ein veldig god realisme i.

Turlagsleiaren seier dei som legg til rette for friluftsliv og turaktivtet kan jobbe med å få med folk på tur i all slags vêr.

– For det er fantastiske moglegheiter for fine opplevingar, sjølv om det ikkje er maksvêr.

Skianlegga på Vestlandet fortvilar over det som ser ut til å bli ei elendig påske. For det er meldt gråvêr og då flyktar folk frå skibakkane.
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå