NRK Meny
Normal

– Uventa ting kan skje ein kvar sjåfør

Leiaren i Transportarbeiderforeininga i Sogn og Fjordane meiner politiet gjorde rett då dei la vekk saka etter den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen.

Inge-Johan Kirketeig om at sjåfør slepp tiltale etter brann i Gudvangatunnelen

RETT: Inge-Johan Kirketeig i Transportarbeidarforeininga i Sogn og Fjordane meiner det var rett av politiet å leggje vekk saka mot den polske sjåføren.

Foto: Montasje: Arne Veum/NTB/Scanpix/NRK

Sju og ein halv månad etter brannen i E16-tunnelen har politiet bestemt seg for ikkje å ta ut tiltale mot den polske sjåføren som køyrde lastebilen som byrja brenne. Berre dagar etter brannen vart 28-åringen sikta for å ha køyrt eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand.

Etter ei vurdering av bevisa har politiet no kome fram til at dei ikkje kan sjå vekk frå at hendinga skuldast eit hendeleg uhell som ingen kan klandrast for.

Inge-Johan Kirketeig er leiar i Transportarbeidarforeininga i Sogn og Fjordane. Han er glad politiet har kome til denne konklusjonen og seier alle sjåførar kan oppleve at det skjer uventa ting.

– Som sjåfør greier ein ikkje alltid å sjå alle moglegheiter for feil på eit køyretøy. Har det blitt gjort ein service eller vedlikehald på ein bil må vi stole på at det er utført til punkt og prikke, seier han til NRK.no.

– Hendeleg uhell

Med bakgrunn i vitneforklaringar og sjåføren si eiga forklaring trudde ein tidleg at brannen skuldast ein lekkasje frå kjølevæskeanlegget. Sjåføren forklarte at han hadde etterfylt vatn på radiatoren like før tunnelen, og politiet meinte sjåføren burde ha forstått at det var noko gale med køyretøyet.

Teorien om overoppheting som følgje av ein lekkasje frå kjølevæskenalegget har politiet etter ei grundig etterforsking gått vekk frå. Dei trur no at brannen skuldast ein oljelekkasje.

– Saka er lagt vekk etter bevisets stilling. Den oljelekkasjen ville kravd ein nokså grundig inspeksjon i forkant. Det er ein slik type inspeksjon det ikkje normalt ikkje kan krevjast av ein førar gjennomfører før kvar køyretur, seier politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes.

– Etter ei vurdering av bevisa i saka kan ikkje politiet sjå vekk ifrå at det er eit hendeleg uhell som ingen kan klandrast for, sjølv om det fekk veldig dramatiske følgjer, legg Førde Refsnes til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Gudvangatunnelen

RØYKSKADDE: Fleire personar fekk alvorlege røykskadar i brannen, men til alt hell gjekk ingen liv tapt.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Inge-Johan Kirketeig i Transportarbeidarforeininga i Sogn og Fjordane seier både bussjåførar og lastebilsjåførar tek eit overblikk på det køyretøyet dei skal ut på vegane med. Men han understrekar at det er umogleg for dei å gjere grundige kontrollar av den tekniske standen.

– Dette stadfestar at vi må stole på dei som ser etter bilane. Vi som sjåførar kan sjå etter det kosmetiske og det utvendige, men vi greier ikkje sjå alle detaljar.

– Vi sjekkar olje, dekk og slike ting, men elles har vi ikkje moglegheit til å ta ein teknisk kontroll av køyretøyet. Så dette er ei lette, ja, seier han til NRK.no.

Trur eit norsk selskap hadde blitt straffa hardare

Rolf Olav Tenden

FYLKESLEIAR: Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Også leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, meiner ei vekklegging er til det beste for sjåførstanden. Han fryktar samtidig at eit norsk selskap og ein norsk sjåfør hadde blitt straffa strengare.

– Uventa ting kan skje med både utanlandske og norske bilar og sjåførar, men det eg har ei kjensle av her er at dei ikkje følgjer opp dei utanlandske. Mykje fordi det er vanskeleg å få inn bøter som blir gitt, og at politiet difor heller vel å leggje vekk saka, seier han.

Han understrekar samtidig at det er ei viktig stadfesting at sjåførar av tunge køyretøy ikkje kan straffast for ting dei ikkje kunne ha ant på førehand. Som sjef for transportselskapet Thor Tenden Transport har han sjølv opplevd at eigne bilar har teke fyr.

– Vi har sjølve opplevd at ein ganske ny bil har teke fyr utan at sjåfør eller service eller noko kunne tilseie at det var noko gale med bilen.

– Frå sjåførane sin ståstad er dette ein dokumentasjon på at ein sjåfør ikkje kan klandrast når det skjer ting vedkommande ikkje kunne føreseie skulle skje, og det er bra, seier Tenden.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes avviser at dei i denne saka hadde kome til ein annan konklusjon om selskapet eller sjåføren hadde vore norsk.

– Det har ingen ting å seie, seier Førde Refsnes til NRK.no.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser