Hopp til innhold

Meiner vegvesenet rotar med samfunnsøkonomi

Vegvesenet sine samfunnsøkonomiske reknestykke kan avgjere kva vegar som blir bygde. Men plansjef meiner dei utgir tala sine for å vere noko dei eigentleg ikkje er.

Bru over Sogndalselvi

KRITIKK: Vegvesenet meiner tunnel under Sogndal sentrum ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt. Men fylkesplansjefen meiner det i praksis ikkje er blitt rekna på.

Foto: Falkeblikk/Stiv kuling / Sogndal kommune

Vegvesenet sine økonomiske reknestykke kan avgjere kva vegar som blir bygde her til lands. Regjeringa har òg sagt at utrekningar av samfunnsøkonomisk nytte skal vere eit av dei viktigaste kriteria for å kome inn i Nasjonal transportplan.

Derfor er det dårleg nytt for vegforkjemparar om prosjekta kjem dårleg ut.

Siste døme er Sogndal der Vegvesenet førre veke sa at tunnel under sentrum ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsam.

Sogndal sentrum

TUNNEL UNDER SENTRUM: Det planlagde miljøloket skal gjere Gravensteinsgata gjennom sentrum fritt for bilar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Prosjektet skårar dårleg på samfunnsøkonomi. Vegen blir jo like lang som før, sa senioringeniør Kjell Kvåle til NRK.

Men plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune Svein Arne Skuggen Hoff meiner Vegvesenet sine analysar er så ufullstendige at dei ikkje kan brukast til å avgjere kva for vegar som er best å bygge.

– Det er inga samfunnsanalyse. Folk trur det er rekna på samfunnsøkonomien i vegprosjekt fordi Staten vegvesen kallar det for samfunnsøkonomiske analysar, men det er å gi feil inntrykk.

– Ufullstendige analysar

Svein Arne Skuggen Hoff

KRITISK: Plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune åtvarar mot at Vegvesenet sin bruk av omgrepet samfunnsøkonomi er fagleg misvisande.

Foto: Steinar Lote / NRK

Skuggen Hoff påpeikar at viktige effektar som verdiskaping, arbeidsmarknad, miljø, helse og trafikktryggleik ikkje blir rekna på av Vegvesenet.

Det er ei avgrensa analyse dei har gjort. Dei burde kalla det for ein transportøkonomisk, eller biløkonomisk analyse, fordi tala er knytt til kva det kostar å bygge og kva tid bilane sparar.

– Kan vere misvisande

Statens vegvesen vedgår at Skuggen Hoff har viktige poeng.

Senioringeniør Kjell Kvåle seier at omgrepet samfunnsøkonomisk lønsemd kan vere misvisande. Det er Finansdepartementet som har bestemt korleis utrekningane skal gjerast.

– Eg følgjer han langt på veg i at omgrepet kan vere noko misvisande. Reknestykka vi utfører er stort sett transportøkonomiske analysar, med islett av andre ting som trafikkulukker og miljøkonsekvensar.

Kjell Kvåle

FORSVARAR BRUKEN: Skal Statens vegvesen slutte å bruke ordet samfunnsøkonomisk lønsemd, må også Jernbaneverket, Avinor og Kystverket gjere det same, trur Kjell Kvåle.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Trass kritikken hevdar Kvåle dei er varsame med å presentere reknestykka som ei fullstendig samfunnsøkonomisk vurdering. Men forsvarar likevel at dei brukar omgrepet.

– Det stammar litt frå retningslinene som vi får frå Samferdsledepartementet, men det er jo likevel mykje anna enn desse tala som blir vektlagt i den politiske prosessen.

Saknar gode tal i E39-striden

I E39 striden i Nordfjord vart Vegvesenet sine reknestykke lagt stor vekt på i debatten. Indre line med bru i Stryn vart valt framfor bru mellom Anda og Lote og over Voldsfjorden. Skuggen Hoff saknar djupare analysar av ringverknadane.

– Eg har enno ikkje sett andre analysar av fjordkryssinga i Nordfjord enn sjølve bilrekneskapen. Ingen analysar gjekk på verdiskaping eller andre typar samfunnseffektar, som til dømes å knyte saman Nordfjordeid og Sandane.

Forslag til bruløysing over Anda-Lote, med flytebru med skipspassasje

BRUSTRID: Vegvesenet vraka å bygge bru her over Anda-Lote som del av E39 og gjekk for indre trasé.

Foto: Illustrasjon: Nordwest3d og LMG Marin

Skuggen Hoff fryktar at avgrensa analysar, og lite presise omgrep øydelegg for ein skikkeleg samfunnsdebatt.

– Vegtrafikk bind opp enormt mykje pengar, pengane blir brukt feil om vegane ikkje skal løyse noko meir enn eit fåtal av samfunnsutfordringane.