Hopp til innhold

Meiner deponivedtak kan vere grunnlovsstridig

Vedtaket om å tillate utslepp av gruveavfall til Førdefjorden kan vere brot på Grunnlova, meiner advokat.

Siri Vatsø Haugum

PROTESTAR: I helga vart det arrangert ein stor demonistrasjon mot gruvevedtaket i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Advokat Halfdan Mellbye seier til avisa Fiskeribladet/Fiskaren måndag at regjeringa sitt vedtak om utsleppsløyve kan vere i strid med Grunnlova sin paragraf 112.

I denne paragrafen heiter det at «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonssevne og mangfold bevares.Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten».

– Det er så enkelt at eg saknar ei grunngjeving ut frå denne paragrafen. Det er så enkelt at eg saknar ei grunngjeving ut frå denne paragrafen. Det kan enten vere at vedtaket bryt med Grunnlova, og at ein meiner det er greit, eller det kan vere ei grunngjeving for kvifor ein meiner vedtaka ikkje bryt med Grunnlova, seier Mellbye til avisa.

Mellbye meiner at når regjeringa har fatta vedtak utan nokon vurdering av tilhøve til Grunnlova paragraf 112, er det grunn til å reise spørsmål ved om vedtaka er gyldige.