NRK Meny
Normal

Meiner valkampen har vore skitten

FØRDE (NRK): Å velje ein president som ikkje snakkar pent om andre er rart, synest elevane ved Halbrend skule.

Borna ved Halbrend skule meiner valkampen i USa har vore skitten.

6. klasse ved Halbrend skule er overraska over valresultatet i USA, og meiner kandidatane har vore ufine med kvarandre i valkampen.

– Ungane skal lære av vaksne, og då er det litt dumt at ein president seier slikt. Dei skal ta meir ansvar enn vanlege vaksne, seier Jenny Fonn. Ho er ein av elevane i 6. klasse på Halbrend skule som har late seg overraske av utfallet i den amerikanske valkampen.

Mange vart tekne på senga torsdag morgon då det var klart at republikanaren Donald Trump hadde sigra over demokratane sin kandidat Hillary Clinton. Elevane har følgt med på valkampen, som av fleire har blitt skildra som ein av dei skitnaste i amerikansk historie. Under debattane i forkant av valet har fornærmingane hagla mellom Hillary Clinton og Donald Trump.

– Sjølv om dei er usamde, så må dei jo vere snille mot kvarandre, seier Ida Vie.

Kan bli påverka i negativ retning

Også fleire born og unge har uttrykk uro over konsekvensane etter at Trump gjekk av med sigeren. Unicef Norge oppmodar foreldre om å ta ein prat med borna, og krisepsykolog Atle Dyregrov seier born er ei følsam gruppe som kan bli uroa.

– Elevane gjentek ting som er blitt sagt, og spør korleis det kan vere mogleg at vaksne snakkar slik. Vi snakkar mykje om mobbing og det å snakke fint til kvarandre på skulen, seier lærar Anett-Elise Garshol.

Rektor på Halbrend skule Åge Stafsnes

PÅVERKA: Rektor ved Halbrend skule, Åge Stafsnes, trur skitslenging mellom vaksne påverkar born negativt.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I klassen på Halbrend har elevane signert avtale om å stå saman mot mobbing, og det meiner dei bør gjelde alt og alle. Når vaksne bryt spelereglane, kan grensene for kva som er greitt flytte seg, trur rektor ved skulen.

– Det kan påverke slik at det blir oppfatta som ok å bruke negativ språkbruk mot andre. At det er greitt å snakke stygt. Mobbeforsking syner også at slikt påverkar korleis born opplever og behandlar andre, seier Åge Stafsnes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.