NRK Meny
Normal

Meiner ulovleg skuterkøyring er eit samfunnspoblem

Motorferdsel i utmark er strengt forbode, men likevel er det mange som vert freista til å køyre snøskuter i stupbratte fjellsider.

Gunvordalsbreen

BRATT: Skuterkøyrarane utfordrar bratt terreng. Desse spora er observert på baksida av Gunvordalsbreen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi er godt kjent med at det går føre seg ein del ulovleg skuterkøyring, seier Kristoffer Ullern Hansen i Statens naturoppsyn (SNO).

Ferske bilete teke måndag denne veka syner tydelege spor etter snøskuter-herjing i bratte fjellsider på baksida av Gunvordalsbreen og på veg ned mot Fjærlandsfjorden.

Verst i Sogndal

SNO har hyppige kontrollar for å sjekke den ulovlege aktiviteten og har særleg fokus på det i år. Dei ser spesielt at Sogndalsdalen er eit populært område.

– Sogndal og Voss er dei områda som er verst i Hordaland og Sogn og Fjordane, fortel Ullern Hansen.

– Det er ein aktivitet som per definisjon er ulovleg, og når ein då har eit miljø som ikkje bryr seg om at det ikkje er lov og likevel held på, så er det eit slags samfunnsproblem, seier han.

Men ikkje all køyring er ulovleg.

– Ein del folk er ute i lovleg ærend og driv nyttekøyring med løyve frå kommunen eller har næringskøyring i forhold til landbruksdrift. Medan andre har ikkje noko formål eller løyve til å ferdast i dette området. Dei køyrer fordi det er moro, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Gunvordalsbreen skuterkøyring

SPOR: Køyring som dette tyder på skutertur for moro skuld.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Skal sjå kor høgt dei kjem

SNO meiner det er lett å sjå skilnad på dei som har lov og dei som har det moro.

– Det er snakk om køyring i bratte fjellsider for å sjå kor høgt ein kjem. Dette kan også vere farleg, mellom anna med tanke på utløysing av skred. Skuterane som vert brukt er ikkje noko nyttekøyretøy, forklarar Ullern Hansen.

Dei ser ofte spor etter lette skuterar med store motorar, lange belte og høge kammar.

– Desse er ikkje egna til noko anna enn å køyre fort og bratt oppover. Så vi ser på spora at dette er folk som er ut for å leike seg, seier Ullern Hansen.

Med omsyn til dyre- og friluftsliv

Kristoffer Ullern Hansen

PROBLEM: Køyring med skuter i utmark har blitt eit samfunnsproblem, meiner Kristoffer Ullern Hansen.

Foto: Statens Naturoppsyn

SNO har ein prioritert oppgåve å følgje opp brot på motorferdselslova og ser alvorleg på at det er så mykje brot på regelverket.

– Bakgrunnen for forbodet er jo med omsyn til friluftslivet og med omsyn til små- og storvilt. Mykje av køyringa går føre seg på kveldstid og natt. Og då kjem ein i konflikt med dyr som har søkt ro for natta.

Han fortel at mange ikkje har registrert skuterane eller folk stikk av når dei skal kontrollere dei.

– Det er jo eit verre lovbrot. Så då vil dei få ein strengare reaksjon om vi hankar dei inn att, seier han.

Men det er ofte vanskeleg å få tatt dei som køyrer ulovleg.

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen seier at dei ikkje er kjend med køyringa som er observert på baksida av Gundvordalsbreen.

– Det er ingen som er blitt meldt for ulovleg køyring dei siste dagane, seier han.

SNO ønskjer gjerne tips frå publikum dersom ein skulle oppdage denne type ferdsel i fjellet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser