Hopp til innhold

Meiner tunnelutviding er håplaust

Ifølgje Nasjonal transportplan skal Strynefjellstunnelane utbetrast. Men lastebileigar Roger Grodås på Nordfjordeid meiner ein like godt kan byggje nye tunnelar.

Tunnel på Strynefjellet

Vogntog i ein tunnel på Strynefjellet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Tunnelane må utvidast både i høgda og breidda. Då er det betre å byggje heilt nytt, seier Grodås.

Rassikring

Fleire lastebileigarar fryktar at den planlagde utvidinga av Strynefjellstunnelane ikkje skal verte god nok.

I Nasjonal transportplan lovar regjeringa å syte for sikrare tunnelar og å rassikre den farlege strekninga opp Strynefjellet på riksveg 15.

Men i fylgje avisa Fjordingen kan tunnelane berre verte utvida i høgda og ikkje i breidda. Dermed vert vegbana framleis utan gul stripe.

– Bygg nytt

Lastebileigar Grodås fryktar trafikkaos under utstrossingsarbeidet om ein skal byrje å utbetre tunnelane.

– Det å bygge nye tunnelar vil vere det mest samfunnsøkonomiske. Om dei skal byrje å strosse blir det eit problem for trafikken, og det vil gå utover næringslivet, seier han til NRK Sogn og Fjordane.