NRK Meny
Normal

Meiner tettstadar som Førde er ein nasjonal tragedie

Kunsthistorikar Daniel Johansen hevdar Førde leiar an i rekka av byer og tettstader som er direkte stygge. Førde-ordføraren er lei av stygg-stempelet.

Førde sentrum

STYGG? Førde blir nok ein gong omtala som ein av Noregs styggare plassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Her har man planlagt og planlegg i for stor grad ut frå det å bygge raskt og billeg. Utan at man tek omsyn til å dei kvalitetane komprimerte tettstader har.

Det fortel kunsthistorikar Daniel Johansen. I eit debattinnlegg nemner han Førde, og skriv «Frå flyplassen køyrer du gjennom ein natur så spektakulær og vakker som berre Vestlandet kan tilby. Så ser du byen…».

Johansen er mildt sagt lite imponert over den største byen i Sogn og Fjordane. Men, byen er ikkje aleine om å vere «stygg». Johansen kallar norske tettstader ein nasjonal tragedie.

– Forferdeleg mange tettstader og små byar i heile landet er planlagt som reine bilbaserte konsumarenaer. Du skal innom med bilen din, inn i ein blikkboks, hente det du skal og komme deg derifrå.

Ordføraren meiner byen har tatt grep

Førde har tidlegare blitt omtalt og kåra til Noregs styggaste by. Ordføraren i byen, Olve Grotle, er lei av merkelappen. Han meiner den er heilt ufortent.

– Eg meiner at Førde har tatt mange viktige steg mot å bli ein vakrare by.

Olve Grotle

UEINIG MED KUNSTHISTORIKAREN: Førde-ordførar Olve Grotle hevdar byen har jobba for å bli kvitt stygg-stempelet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordføraren går likevel med på at å lage ein vakker by ikkje har vore førsteprioriteten for dei som har utvikla Førde.

– Det er mange tettstader og byer som er veldig oppteke av utvikling og vekst. Det har ein vore i Førde og, og kanskje er ein av suksessfaktorane til byen at ein har lagt vekt på at folk skal få etablere seg. Då har ein kanskje akseptert at ein ikkje alltid har valt dei mest estetiske løysingane, seier Grotle.

– Framleis håp for Førde

Kunsthistorikar Johansen trur derimot ikkje det er lurt å prioritere vekst framfor bumiljø.

– Det er sjølvsagt eit val ein tar. Om ein ikkje satsar på den ekstra gevinsten som staden kan få ved å satse på eit komprimert og vellukka sentrum, må ein belage seg på at staden ikkje blir den som trekk til dei tilflyttarane som ønskjer dei kvalitetane.

Han trur likevel ikkje det er for seint for Førde. Johansen meiner byen framleis kan redde rykte sitt.

– Prøv å finn ut kva særpreget til Førde er. Kva for kvalitetar eksisterer i bykjernen? Kva er sett opp utelukkande av kvadratmeteromsyn? Få det vekk, og finn dei gode eksempla på korleis ein har klart å gjennomføre slike prosessar.

Men ordføraren meiner Førde har klart å snu rykte sitt, har ikkje du oppfatta det slik?

– Eg må dessverre seie nei, avsluttar Johansen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå