Hopp til innhold

Meiner striden om sjødeponiet ikkje er over

SV og Heikki Holmås trur eit forslag frå Senterpartiet i siste liten i Stortinget i ettermiddag, gjer at sjødeponiet i Førdefjorden er i spel att.

Heikki Holmås, SV

GIR IKKJE OPP: Heikki Holmås og SV er mot gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden, og håpar no at Stortinget på tysdag skal tvinge regjeringa til nye utgreiingar i samband med gruvesaka i Førdefjorden.

Foto: Margret Helland / NRK

I midten av april fekk Nordic Mining løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall på botnen av Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Etter forslag frå Arbeidarpartiet kjem Stortinget til å pålegge regjeringa å greie ut alternativ til sjødeponi i alle framtidige gruveprosjekt. Men heilt mot slutten av handsaminga i energi- og miljøkomiteen sitt møte i dag, tok saka ei overraskande vending: Senterpartiet foreslo at dette bør gjelde også for Førdefjorden.

Får forslaget fleirtal kan det bli utgreiingar av alternative måtar å lagre gruvemassane frå gruvedrifta i Engebøfjellet, til dømes med bruk av landdeponi.

Komiteen godtok framlegget frå Senterpartiet, som dermed blir del av saka som skal handsamast i Stortinget på tysdag. Dersom Arbeidarpartiet seier ja til Senterpartiet sitt forslag, er det fleirtal på Stortinget for nye utgreiingar.

– Alle gode krefter må no melde seg på og prøve å overtyde Arbeidarpartiet om at det dei meiner for framtida også bør gjelde for Engebøfjellet, meiner stortingsrepresentant for SV, Heikki Holmås.

–Det vil vere heilt uforståeleg om denne saka, som er så kontroversiell og omstridd, og der miljøfaglege tilrådingar er så klare, ikkje får den grundigaste behandlinga. Kvifor i all verda skal då andre få det, spør Holmås.

– Engebøsaka er avgjort, regjeringa har bestemt seg: Kan ein ikkje då sjå det som lite klokt å ta endå fleire omkampar?

– Det er ein omkamp. Men det endelege utvinningsløyvet er ikkje gitt. Det skal avgjerast i statsråd, og saka ligg på regjeringa sitt bord. Så lenge ho gjer det, meiner eg vi i Stortinget må gjere det vi kan for at denne saka blir greia ut så grundig som mogleg.