Hopp til innhold

Meiner Statens vegvesen driv sentralisering

Ordførarar i Nordfjord og Sogn er provoserte over Statens vegvesen sitt forslag til ny organisering.

Trafikkstasjonen i Eid

VERT ERSTATTA: Trafikkstasjonen i Eid vert lagt ned og erstatta med eit såkalla servicetorg.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er ei utruleg provoserande innstilling som kjem frå Statens vegvesen, seier Jon Håkon Odd som er ordførar i Leikanger.

Måndag ettermiddag vart det klart korleis Statens vegvesen skal organiserast i framtida. Mellom anna vil dagens fem regionar bli erstatta av seks divisjonar – og Statens vegvesen skal bli 1650 færre. Sjølv om Leikanger får behalde regionleiinga i Statens vegvesen er Odd skuffa.

Jon Håkon Odd, ordførar Leikanger

SENTRALISERING: Jon Håkon Odd(Ap) er ordførar i Leikanger.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette er ei massiv sentralisering av makt til dei store byane i landet. No ligg det an til å flytte vegmakt frå Bodø til Tromsø, frå Molde til Trondheim, Frå Lillehammer til Drammen og frå Leikanger til Bergen, seier Odd.

Rasande

I Eid er ikkje ordførar Alfred Bjørlo (V) noko meir nådig i kritikken.

– Dette er skandaløst og arrogant av Statens vegvesen, dei seier rett ut at vi i distrikta ikkje er noko verdt, og at staten no må pakke sekken hos oss og rømme inn til dei store byane, seier Bjørlo.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo

RASANDE: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid

Foto: Ahmad Dean / NRK

Han peikar på at det vert nedbygging i Leikanger medan det i hans kommune er kroken på døra for alt

– Eg er rasande, og dersom dette blir ståande etter den politiske handsaminga, er ikkje Granavolden-erklæringa verdt pixelane i pdf-fila ho er skriven i, avsluttar Bjørlo.

Avviser sentralisering

I forslaget som vart presentert i dag vil Vegdirektoratet at etaten skal gå bort frå dagens geografiske organisering, og i staden satse på seks divisjonar. Men, regionvegsjef i Statens vegvesen Helge Eidsnes, avviser sentralisering.

– Vi har stor forståing for at ordføraren jobbar for tenestetilbodet i sin kommune og kjempar for arbeidsplassar. Men dette er er ikkje ei sentralisering. Vi flyttar mange avgjerder ut frå Oslo, frå det som er vegdirektoratet i dag. Det er også 270 tilsette som skal flyttast ut frå Oslo, seier Eidsnes.

Helge Eidsnes

LIKE MANGE TILSETTE: Regionvegsjef i Statens vegvesen Helge Eidsnes

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Eidsnes vedgår at enkelte oppgåver som i dag er lagt til Leikanger i framtida kan verte flytta til Bergen. Han peikar samstundes på at Leikanger kan få andre oppgåver som dei ikkje har i dag i samband med omorganiseringa.

– Samla sett så ser vi for oss at talet på stillingar i Leikanger vert om lag som i dag, seier Eidsnes.

Legg ned trafikkstasjonar

I samband med omorganiseringa vert dagens trafikkstasjonar i Sogndal og i Eid lagt ned og erstatta med såkalla servicetorg.

Arve Rinde i Statens Vegvesen

SERVICETORG: Arve Rinde er avdelingsleder for Trafikant og kjøretøy.

Foto: PRIVAT

– I Sogndal vil dei ha eit servicetorg som folk kjem til å reise til for å gjennomføre førarprøvar og teoriprøvar. Det same kjem vi til å ha på Nordfjordeid. I Førde vert tilbodet om lag som i dag, seier Arve Rinde i Statens vegvesen.

Endra behov

For tre år sidan var det 80 prosent som møtte på ein trafikkstasjon for å omregistrere eit køyretøy. Tilsvarande tal i dag er 20 prosent. Folk flest ordnar no dette heime på eigen pc eller mobiltelefon.

– Det gjer at vi ikkje lenger har behov for same tilbod som tidlegare, og dette er ei utvikling som går vidare innan digitalisering som gjer at folk vil få eit betre tilbod i framtida, seier Eidsnes.