Hopp til innhold

Meiner staten må ta ansvar for sertifikatordning

Venstrepolitikaren skjønar at fiskarar opplever det som meiningslaust og urimeleg å bli ståande arbeidslause fordi dei mistar viktige sertifikat. No vil han ta saka opp med regjeringa.

Sveinung Rotevatn (V) i Vandrehallen

INITIATIV: Sveinung Rotevatn vil spørje Arbeidsministeren om kva som kan gjerast for å sikre at arbeidsledige sjøfolk ikkje blir låste til arbeidsløyse.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Dette er eit eksempel på ein av svakheitene i dagpengeregelverket, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Arbeidsledige sjøfolk må sjølve betale for å fornye dyre sertifikat, som dei er avhengige av for å få seg ny jobb. Før året er omme må 23 000 sjøfolk oppdatere sertifikata, som arbeidsgjevar vanlegvis betalar for. Men i dagens arbeidsmarknad er mange permitterte eller oppsagde, og dermed blir dei ståande utan sertifikat og utan jobb.

– For mange verkar det lite rimeleg, og det syns eg også, seier Rotevatn.

NAV er klare på at dei gjer ei vurdering frå sak til sak. Det er ikkje automatikk i at NAV skal betale resertifisering for arbeidslause sjømenn.

Sigve Vårdal Itland

RÅKA: Sigve Vårdal Itland gjekk lenge arbeidslaus fordi han mangla naudsynt sertifisering. For å få på plass dei dyre sertifikata og kome seg i jobb att måtte han gå langt. – Eg sjølv måtte gjere ein del omprioriteringar, og mellom anna selje huset mitt, fortalde han til NRK.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Norsk Sjømannsforbund opplyser at kvart kurs kostar mellom 5000 og 20 000 kroner. Kor mange kurs kvar enkelt treng varierer, og i tillegg kjem utgifter til reise og opphald.

Håpar på rask avklaring

– Hovudkriteriet er om dette er naudsynt. Er det naudsynt med denne kvalifiseringa for å kome i jobb. Aukar dette jobbsjansane, og er dette noko arbeidsgjevarane spør etter, sa Arbeids- og tenestedirektør i NAV, Kjell Hugvik til NRK tidlegare.

Stortingspolitikaren vil no ta saka opp med regjeringa for å sjå kva ein kan gjere for å finne ei løysing.

– Eg må sette meg inn i saka og sjå om regelverket er haldbart. Eg vil stille spørsmål til regjeringa og høyre kva vurdering arbeidsministeren gjer. Er det mogleg å gjere dette på ein betre måte?

Han håpar at dette er ei sak ein kan få ei rask avgjerd på.

– Dersom det er enkelt å løyse så kan det sikkert skje ganske fort. VI har kasta oss rundt mange gonger det siste halvåret.