Meiner staten har ansvar for ulven

Elleve av ordførarane i Sogn og Fjordane har gått saman og sendt brev til statsminister Erna Solberg der dei ber om at rovvilt-forliket i Stortinget blir følgt opp slik det er vedteke. Ordførarane meiner at staten ikkje tek ansvar for effektive uttak av dei store rovdyra. Dei meiner mellom anna at staten burde teke ansvar for å ta ut ulven som har drepe fleire beitedyr i fylket den siste tida.