NRK Meny
Normal

Meiner staten bør vurdere Wideøre

– Staten må om naudsynt kjøpe Widerøe for å sikre flytilbodet i distrikta, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

Widerøe

SKAL SELJAST: Måndag blei det kjend at SAS skal selje Widerøe.

Foto: NRK

Måndag blei det kjend at SAS vil selje dotterselskapet Widerøe, noko som kan få svært uheldige følgjer, seier Kjelsnes.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

ØNSKJER STATEN SOM EIGAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) ønskjer at staten går inn som eigar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er at ein ikkje skal ha same føreseielegheit på rutetilbodet. Opp gjennom tidene har forskjellige selskap sagt at dei legg ned enkelte ruter fordi dei ikkje er lønsame nok. Eg ønskjer ikkje ein slik situasjon, seier ho.

SAS som i dag eig Widerøe, har gått med store underskot dei siste åra. Den siste tida har situasjonen vorte meir og meir prekær. Så prekær at SAS under ein pressekonferanse i går annonserte at Widerøe skal seljast.

– Må unngå at tilbodet blir rasert

Kjelsnes seier det er det same om det er staten eller private aktørar som kjøper Widerøe.

– Men om nødvendig må staten inn for å unngå at flytilbodet blir rasert. Det finn eg like naturleg som at ein er oppteken av SAS. For store deler av distrikts-Norge er Widerøe ein heilt avgjerande aktør, seier Kjelsnes.

Tykkjer tanken er gammaldags

Frank Willy Djuvik (Frp)

Frank Willy Djuvik (Frp)

Foto: Oddleif Løset/NRK

Leiar i Framstegspartiet i fylket, Frank Willy Djuvik, har ingen sans for at staten må kjøpe seg inn i Widerøe.

– Det blir veldig gammaldags å tenkje på denne måten. Det ligg litt i den sosialdemokratiske tenkjemåten at ingenting fungere utan at det offentlege har handa på det. Det er heilt feil. All erfaring viser at private kan gjere det vel så bra, seier Djuvik.

– Er ikkje du uroa over rutetilbodet i Sogn og Fjordane?

– Eg ønskjer heile tida å ha eit betre flytilbod i Sogn og Fjordane, men det gjer eg best gjennom politiske kanalar for å påverke Samferdsledepartementet til å opprette fleire og betre ruter.

Uaktuelt for fylkeskommunen

Tidlegare i år vart det kjend at fleire fylkeskommunar frå Sogn og Fjordane i sør til Finnmark i nord vurderte å gå saman om å kjøpe opp delar av Widerøe dersom SAS skulle selje seg ut av selskapet. Åshild Kjelsnes seier dette er ikkje lenger noko aktuell problemstilling.

– Det er rimeleg uaktuelt. Det er snakk om store oppkjøp. Ryktebørsen seier at SAS forventar ein milliard kroner for Widerøe. Det vil vere utfordrande for fylkeskommunane å stable slike summar på beina.

Kjelsnes seier det er mange fordelar med å få staten inn på eigarsida.

– Fordelane vil vere at vi får ein aktør som er oppteken av å tenkje langsiktig og ikkje er ute etter maksimal profitt, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast