Hopp til innhold

Meiner Sparebanken Vest kvittar seg med tillitsvalde

Sparebanken Vest har nedbemanna mykje den siste tida. På tysdag må dei møte i Fjordane tingrett mot ei som meiner at ho er for flink til å få fyken.

Britt Dalsbotten

SKAL I RETTEN: Britt Dalsbotten skal møte Sparebanken Vest i retten på tysdag og onsdag

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er ein av dei som har vore lengst på Førde-kontoret, og eg vil påstå at eg er ein av dei med best kompetanse, seier Britt Dalsbotten som jobbar som finansiell rådgjevar i Sparebanken Vest.

Ho vart både irritert og overraska då ho fekk beskjed om at ho var ein av dei som var overtalige i banken der ho har jobba i over ti år.

– Eg hadde fått fleire signal om at det kom til å skje, men eg vart likevel sur då den endelege beskjeden kom og eg var på lista over overtalige, seier Dalsbotten.

Kutta over hundre tilsette

Det var i februar det først var varsla at Sparebanken Vest hadde planar om å nedbemanne med over hundre tilsette, for å omstille seg i digital retning.

I ei pressemelding skreiv banken då at tal på manuelle transaksjonar i skranken hadde gått ned med 78 prosent, og den krevjande omstillinga gjorde at dei ikkje såg andre moglegheiter enn å nytte oppseiingar.

Dalsbotten seier ho forstår at banken lyt ta nokre grep, men ho meiner at dei ikkje har lagt vekt på korkje ansiennitet eller kvalifikasjonar under nedbemanningane, og det er det ho reagerer på.

– Eg har vore tillitsvald i ei årrekkje, og eg meiner sjølv at det er det som er grunnen til at eg er på lista over overtalige. Dei vil heller ha medarbeidarar som er litt lettare å ha med å gjere.

Fekk tilbod om jobb i Florø

Regionbanksjef Tore Dvergsdal avviser at dei har gått etter folk med tillitsverv når dei no har nedbemanna.

– Eg kjenner meg ikkje att i den beskrivinga i det heile teke, og vil på det sterkaste avvise at det er slik vi har gått fram.

Tore Dvergsdal

HAR IKKJE GÅTT ETTER TILLITSVALDE: Tore Dvergsdal iSparebanken Vest seier at dei ikkje har gått etter tillitsvalde når dei har nedbemanna

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dvergsdal skal sjølv vere med i rettssaka neste veke, og ønskjer difor ikkje å sei noko meir om sjølve saka.

– I slike rundar med nedbemanningar vil det alltid vere nokre som føler at dei ikkje burde vore råka, slik er det berre, seier Dvergsdal.

Dvergsdal understrekar at Dalsbotten fekk tilbod om jobb på kontoret i Florø, men at ho ikkje var interessert i det.

– Når ho ikkje ville pendle til Florø, så hadde vi ikkje noko anna val enn å seie ho opp.

Dalsbotten står likevel på sitt, og syner mellom anna til eit brev ho har fått der ho skal ha fått beskjed om at banken ikkje ønskjer tilsette som er i opposisjon til leiinga.

– Eg har påpeikt nokre gonger at det er veldig store lønsskilnader på jobben vår, men det er ikkje mogleg å ta meg på innsats eller motivasjon.

Fjordane Tingrett har sett av tysdag og onsdag til rettsforhandlingane mellom Dalsbotten og Sparebanken Vest.

– Eg håpar eg vinn fram med at det ikkje er fritt vilt kven ein kan nedbemanne, og at banken skjønar at dei lyt følgje sin eigne kriterium for korleis ein skal prioritere, avsluttar Dalsbotten.