Hopp til innhold

Meiner Søviknes vil vere ein god mann for Vestlandet

– Terje Søviknes vil vere ein god mann for Vestlandet. Det seier Frank Willy Djuvik om spekulasjonane rundt Os-ordføraren som ny Olje- og energiminister.

Frank Willy Djuvik og Terje Søviknes

HAR TRU PÅ SØVIKNES: Frank Willy Djuvik er gruppeleiar for Framstegspartiet i Fylkestinget.

Foto: Montasje: Eivind A Pettersen/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Uavhengig av kva statsrådspost Terje Søviknes måtte få så er Søviknes ein dyktig politikar for Framstegspartiet. Han er ein av våre desidert beste lokalpolitikarar, og har god forankring i grasrota i partiet, seier Djuvik.

Sundag vart det kjent at Frp-statsrådane Anders Anundsen og Tord Lien er på veg ut av regjeringa . Etter det NRK erfarer vert dei erstatta av Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes.

Venta endringar

Etter planen vert endringane offentleggjort i samband med statsråd klokka 16 i ettermiddag.

– Den regjeringa har vore uvanleg stabil. At det no vert gjort endringar er eigentleg forventa fori ein ynskjer å spisse bodskapen, og vi veit at Tord Lein har fått seg ny jobb. vi veit at det er andre politikarar så som ikkje ynskjer å ta attval, og då er det viktig å spisse laget fram mot valet, seier Djuvik.

– Men kan Søviknes nok om olje- og energibransjen?

– Det er eg heilt sikker på at Terje Søviknes kan med den breie politiske erfaringa som han har. I tillegg så er statsrådens si rolle den politiske delen av faget, medan fagfolka i departementet skal fagkompetansen. Det viktigaste er at ein har ein tydleg og handlekraftig statsråd, seier Djuvik.

Viktig for Vestlandet

– Søviknes vert ein viktig politikar for grasrota i Framstegspartiet, og kanskje spesielt på Vestlandet.

Djuvik seier Søviknes har vore ein av dei store forkjemparane for Vestlandet innanfor Framstegspartiet og i norsk politikk.

– Det å ha han i regjeringspartiet er veldig viktig med tanke den situasjonen som Vestlandet er i på grunn av nedgangen vi har innanfor olje- og energi dei siste åra.