NRK Meny
Normal

Meiner Sogn og Fjordane har ofra Hornindal på kynisk måte

FYLKESGRENSA MØRE (NRK): – Sogn og Fjordane har ofra Hornindal og har seg sjølve å takke for at kommunen forlèt fylket.

Fylkesgrensa

SAMLING: Ordførarane Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal, Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda og Jørgen Amdam (Ap) i Volda meiner fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har seg sjølve å takka for at Hornindal forlèt Sogn og Fjordane fylke.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette seier Jan Ove Tryggestad, Sp-ordførar i Stranda på Sunnmøre.

BMW-en til Stig Olav Lødemel, Høgre-ordføraren i Hornindal, ligg i 70 kilometer i timen på fylkesveg 60 like aust for fylkesgrensa ved Sogn og Fjordane.

I passasjersetet framme sit ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda. I baksetet sit Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad og vrir seg. Her på Møre-sida har vegen gul midtstripe og er brei og fin. Ein kilometer lenger framme skimtar vi fylkesgrensa og Sogn og Fjordane. Brått blir vegen smalare, mykje meir svingete og humpete.

– Fylkesveg 60 gjennom Hornindal er ein skandale, utbasunerer Volda-ordføraren.

– Det har vore mange ulukker her, berre flaks gjer at det ikkje har vore dødsulukker, seier Lødemel.

Hornindal fekk for nokre år sidan Kvivsvegen, milliardprosjektet som har ført til radikalt nedkorta reisetid til Volda. Men framleis er vegen til Hellsylt og Stranda den same.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane vil på ingen måte vere med på at fylket har ofra Hornindal.

- Det er ei heilt feil framstilling, seier ho til NRK.no.

Bussulukke i Hornindal

UTSETT: Det har vore ei rekkje ulukker på fylkesveg 60 gjennom Hornindal. Her har ein buss køyrd av vegen.

Foto: Arne Vik

Tilbake i ordførar-bilen køyrer dei tre politikarane inn i Sogn og Fjordane og kjem snart til ei smal bru. Der må vi stoppe fordi brua er for smal til at to bilar kan møtast. Asfaltkantane er svake og oppsmuldra, slik at ein ikkje køyre for langt utpå kanten.

Vegutbetringa på den 14 km lange strekninga er kostnadsrekna til om lag 250 millionar kroner og stod på andreplass på prioriteringslista i Sogn og Fjordane. Reguleringsplanarbeidet var godt i gang, men ulike politiske hestehandlar sende vegen nedover på prioriteringslista.

Bitter

På veg tilbake til fylkesgrensa tek Stranda-ordførar Tryggestad ordet.

– Eg er bitter på er at Sogn og Fjordane gjennom eit kynisk spel har ofra både vegstrekninga og langt på veg veljarane i Hornindal, seier han.

Kynisk spel. Det er harde ord du brukar?

– Det er sterke ord, men det er ingen andre saklege grunnar til at vegstrekninga vart ofra på politikkens alter. Det var eit kynisk spel der veljarmassa i Hornindal ikkje er den største, seier Tryggestad.

Eg er bitter på Sogn og Fjordane sitt kyniske spel.

Jan Ove Tryggestad
Tre ordførarar i bilen

BILTUR: Ordførarane Jan Ove Trygge Tryggestad (f.h.), Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel prøvekøyrde fylkesveg 60 gjennom Hornindal. Dei er skaka over standarden på vegen.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei to ordførarane i framsetet nikkar og Tryggestad held fram:

– Politikarane i Sogn og Fjordane gjorde ei kalkulert vurdering der dei såg at Møre og Romsdal til slutt ville ta ansvar for vegen, seier han.

Avviser kritikken

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avviser kynisk spel frå Sogn og Fjordane si side.

– Nei, dette er ikkje noko kynisk spel, men eit uttrykk for fleirtalet i fylkestinget då vi vedtok regional transportplan.

Det blir hevda at Sogn og Fjordane har seg sjølve å takke for at Hornindal går til Møre og Romsdal. Kva seier du til det?

– Eg synest det er skikkeleg leit at Hornindal no går til Møre og Romsdal, men å kople dette til kommunereforma blir feil. Hornindal må sjølv ta ansvar for vedtaket dei har fatta, seier ho.

Jenny Følling

FORSVAR: Det blir feil å skulde Sogn og Fjordane for kynisk spel, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Bård Siem / NRK

Vil vurdere bompengar

Hornindal blir innlemma i Volda kommune og Møre og Romsdal fylke 1. januar 2020. Håpet er no at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal skal setje vegstrekket på topp. Jørgen Amdam meiner vegprosjektet også kan finansierast med bompengar.

– Det er kanskje den raskaste måten, seier han. Dei to andre ordførarane er samde i at bompengefinansiering må vurderast. Det er stor trafikk på vegen, som er viktig både for privattrafikk og næringsveg.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.