Tidlegare i veka gjekk Fiskeridirektoratet på nytt ut og åtvarete mot den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet, og meinte det måtte fleire utgreiingar til før regjeringa kan ta ei avgjerd.
- LES OGSÅ:
– Veit nok
Det meiner generalsekretæren i Norsk Bergindustri, Elisabeth Gammelsæter, er heilt feil.
– Bergindustrien meiner att me veit nok til å ta ein beslutning. Det har me også sagt til Regjeringa.
Det var nettstaden geo365 som først meldte dette.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Når fiskeridirektoratet er uroa med tanke på fisken i fjorden, er det ikkje greitt å ha ei utgreiing til for å vera heilt sikker?
– Bergindustrien er veldig oppteken av berekraft, og difor har me også teke fleire grep når det gjeld kunnskapsutvikling. Når det gjeld Engebø spesielt, so er det det veldig grundig utreda allereie, seier Gamemelsæter.
- LES OGSÅ:
– Livet kjem tilbake
– Me er ikkje bekymra for livet i Førdefjorden. Det er klart at botndyra akkurat der deponiet vil ligge, dei vil dø, men erfaringar frå norske og internasjonale tiltakt syner at livet er tilbake fem til ti år etter at deponiet er avslutta.
Ho litar på at styresmaktene vil koma til ein fornuftig konklusjon.
– Me reknar med at dei har den informasjonen dei treng og at dei klarer å ta gode beslutningar.